Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Medragsjuvet og Bukketalgberget

Medragsjuvet ligg på nordsia, Bukketalgberget på sørsia av Krøderen, som merke millom Krødsherad og Hallingdal. Korleis dette delesmerke vart til fortel segnet:

Ei jyger kom køyrande med ein bukk utover fjellet ovanfor Lindelii i Flå og Ørjunviki i Krødsherad. Men det gjekk so fort, at ho køyrde undan eine meien på slean sin. Slik vart Medragsjuvet til. — Øvst uppe er det tvo dalstrok, eit for kvar mei, men lenger nede skjer dalane seg noko saman, — det kjem av at den eine meien fer til å losne og går på skjeive. Lengst nede går dalane ut i ein jamn fjellskråning.

Jygri vart so vreid for denne ufoldi ho var ute for, at ho steig av slean, sleit bukken or skjekane og kasta’n over Krøderfjorden, burt i Millomneset eller Medalneset, som sea vert kalla Bukketalgberget, for talgi av bukken syner tydeleg på berget. Her er grenseskilet millom Gulsvik i Hallingdal og Ringnes i Krødsherad. Jygri skulde no til å stampe og gå ned over. Men jutulen, mannen hennar, hadde stått og set på framferdi hennar. Han vart over lag vreid og mana henne i stein, og slik står ho endå, ned for Orjunviki. Ein ser både nasen, munnen og pannelinet hennar. Jutulen steig frå Lindelibråten til burt på Norefjell i eit stig. Då han kom der, høyrde han kyrkjeklokkone ringde på Olberg i Krødsherad.

Og no vart han endå meir arg og kasta ein stor stein etter kyrkja. Men han råka inkje. Steinen vart liggjande ved Noresund, og ligg der endå. Steinen snur på seg når det blir ringt med kyrkjeklokkone i Krødsherad.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *