Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

Menneskja går etter sei…

(Det var ein prest borti Numedal)

 

Det var ein prest borti Numedal, som hadde slik ein girug tenestgutt. Presten fekk han mest ikkje til å hølde helg på følkevis. Nå hadde presten det slik at han vilde tenerane sine skulde ta helg om lørdagskvelden klokka fem. Men gutten syntes det var for tidleg.

Ein kveld høldt han på og kjørte korn. Det var knakande tørt. Lørdagskveld var det. Best det var kom presten ut og sa at gutten skulde slutte med å kjøre.

«Nu hører jei himmerikes klokker,» sa han.

« Je hører inga je,» sa gutten. Han vilde reise etter et lass til.

«Kom og sett ditt ben på mitt,» sa presten. Det gjorde gutten. Da hørte’n klokkune, han og. Han kom ikkje til å kjøre meir den kvelden.

Snart etter døde presten. Men døm var ikkje kvitt’n for det. Han vart gåande der og rangle.

Ein kveld møtte gutten presten. Nå visste han det var slik, at om ein råka på følk som gikk føre sei eller etter sei, så skulde ein spørja hå døm gikk etter. Da skulde døm få fred. Han spurte presten:

«Hå er det du går etter?»

«Det er ei bok je skulde hatt att,» svara presten.

«Hå ligg den hen?» spurte gutten.

«Ho ligg under kjørkehella,» sa presten.

Da gikk gutten til kjørka og vilde sjå. Han tenkte å hjølpe presten.

«Legg dei på maven, så ser du den,» sa presten. Gutten gjorde så. Der låg det ei lita bok.
Gutten tok ho fram og gav ho til presten.

Etter det fekk presten fred. Han kom aldri att.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *