Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Mord og drap 1770 – 1780

 

I den tida han Helge Ellingsen Meddalen var lensmann i Eggedal, det var i åra 1770-80, vart det gjort fleire stygge gjerningar i bygda. Og det følk syntes var verst, var at ingen tå gjerningsmennane vart ti’i og fekk straff for det døm hadde gjort.

Han Helge Meddalen budde på feige, og vart kalla Teigelensmann. Han både visste og kunde meir enn andre følk. Han skulde hatt svartekunstbbka. Det var han som fortalte håss dessa morda i Eggedal hadde gått for sei. Hadde ikkje han sagt det, hadde det aldri kømmi opp. Likevel fekk han ikkje dom på nokon tå døm. Han vanta vitnur.

Det var ei ung gjente. Ho høldt til hos nokon plassfølk i Liukøsa. Ho var kanskje ungen der, det veit je ikkje så visst. Detta var i slåtten, og husfølka frå Liukøsa var på garden og høya. Nå hadde døm noko fôr liggande utover i Liukøsa og.

Men gjenta sa det til husfølka da døm gikk:

«Je skal ha i hop detta fôr et.»

Men så om kvelden, da følka kom heim tå garden, var gjenta borte. Døm leita og leita, men ho var ikkje å finne. Fôret hadde ho hatt i hop, og de var stelt som det skulde alt på plassen.

Ingen visste hå gjenta var blitt tå. Døm fant ho aldri att.

De var bare Teigelensmann som visste det. Han fortalte håss det hadde gått til.

Gjenta hadde stelt sei slik at ho skulde ha unge med ein gutt oppi der. Men så, med gamlefølka var på garden, og gjenta var åleine heime, kom han og snakka med ho. Han drap ho og grov ho ned under ei bjørk i Liukøskleiva, og lat ho liggi der ei stund. Men så da lensmann tok til å ruske etter, vart han redd, og grov gjenta oppatt. Han drog ho heile Vestbygdingsdalen ned gjennom, radt til Kaugerudhølen. Der søkkte’n ho ned. Lensmann visst vel hå kar det var.

«Men hå skal je gjøra når je ikkje har vitnur!» sa han.

Jamvel heime hos Teigelensmann sjøl hendte noko som er blitt hugsa etterpå.

Det var om våren. Lensmann hadde sendt tenestgutten og tenestgjenta oppå setra. Døm skulde slå sund møkka på vollen og reinska opp der.

Samma gongen skulde døm ta opp nokon fiskegarn han hadde liggande i Istjønn. Men så var det så at gjenta var på veig med ein unge, og gutten var far til’n. Han vilde gjerne få gjort ende på gjenta, og få ho unda. Med det samma døm var stad og skulde ta opp garna, skuva gutten gjenta stad. Ho klarte sei ikkje i vatnet. Ho vart der.

Gutten kom ned att til Teige åleine. Lensmann spurte hå det hadde vørti tå gjenta.

«Ho kjem nok etter. Ho går der så seint og dreg sei,» svara han.

Lensmann visste at gutten hadde gjort ende på gjenta. Han hadde snakka om det til gutten, og sagt håss det hadde gått for sei. Men han fekk ikkje noko på gutten for det.

Ein vår, med han Helge Meddalen var lensmann, var det ein stor auksjon på Frøvoll. Det var så fælt med drikking og slagsmål i denna tida. Døm brente og drakk som dem vilde. I denna auksjon drakk døm og sloss så det var fælt til hus.

Det var ein svær sterk kar utantil bygda der au. Han hadde tukta nokon karar tor kjørkebygda. Døm var nokon vidgjetne sløsskjempur, men hå gardar døm var frå, det veit je ikkje. Døm tåla ikkje at denna fremmenkaren hadde tukta dem. Da han skulde heim att frå auksjon, låg døm og venta sør i Gråten, sønst på Frøvollsjordune. Der skulde han over elva, i vadet der. Da han kom og skulde over, kom døm fram ein heil flokk. Dem gjengte’n så han ikkje kom til lands att. Så gauv dem på han og truga han under. Ein stod og høldt til mannen var kvitt.

Oppi Teigegardane hadde døm hørt det hadde ropa etter hjølp. Døm tenkte ikkje meir over det. Døm trudde det var frå Frøvoll det ropa.

«Nå sløss døm nok på Frøvoll,» sa følka i Teige.

Men det var nok frå Gråten ropa kom.

Sia vart mannen fønni i elva. Det vart gjort til at han var drukna.

Men Teigelensmann visste noko anna. Han kalla til sei dei karane som hadde vøri med. Han sa døm både håssen døm hadde børi sei åt med å drukne mannen, og hå dem sa da dem gjorde det.

Enka etter han som var drøpin, kom til Teigelensmann og sa namnet på drapsmannen.

«Du har rett,» sa ‘n Helge. «Men hå skal je gjera når je ikkje har vitnur?»

Det kom straff over bygda for alt detta.

Andre sommaren kom det et fælt uver ned tå fjellet og slo ned grøda. Det kom beint ned tå fjellet og ut kjørkebygda. Så følgte det åsane utetter til Grønhovdsroa. Der ifrå drog det over til Numedal. Det hagla slik, at der det hadde drivi i hop, låg fennane i tre dagar. Det vart ikkje kornavling det året. I Asen hadde dem tre grønmælstaurar. Det var all den avling tå åker der var det året. Han sa det Teigelensmann da:

«Ja, nå ser vi straffa for det vi ikkje fekk straffa morderane.»

Om sommaren etter dessa morda var gjort, såg følk ein skøddedott som gikk frå Kaugerud-hølen til Gråten og attende. Denna dotten kan ein sjå den dag i dag. Når det tar til å kvelde om sommaren, ser ein skøddedotten kjem opp over Kaugerudhølen og dreg utover etter elva. Det skal vera den samma dotten.

Mellom Nerum og Bergan var det gongetre over elva. På Berganlandet var det ei skorte i berget. Der ifrå låg gongetreet over til Nerumlandet. Det er sandgrunne på Nerumsida.

Det var ein dans på Bergan i gammal tid. Der var det ein gutt med frå Vestbygda. Han hadde stelt sei så at han hadde ei gjente han hadde drivi noko med, og så var ho blitt fremmeleg Han vilde følgje ho heimatt frå dansen. Døm måtte da over elva på gongetreet. Han lat ho gå føre sei utpå. Da ho vel var kømmin utpå, la han til å huske og huske på gongetreet. Gjenta vart redd. Men han huska til ho datt i elva og vart der.

Døm fant ho aldri att. Ho hadde gått ut Kaugerudfossen. Da var det ikkje meir å leite etter. Gutten gikk fri. Døm fekk ikkje greie på at det var han som var drapsmannen, før han låg på dødssenga. Da hadde han stade til.

Det var mange som reiste gjennom bygda her og handla med sølvty, så som søljur og ringar, hakar og knappar. Det var slikt som skulde til i dei gamle fjellklæda døm hadde her.

Ein, som bruka å reise til vert år, var, han Sølv-Tølløv, døm kalla. Namnet hans var Tolleiv. Han hadde ei skreppe han bar sølvtyet i. Han gikk frå gard til gard. Helst var han ute føre høgtidshelgine. Det var da følk skulde ha sei sølvstas, for det meste. Eller han var ute om sommaren, når det var best å komma fram. Det var her i bygda han fant banen sin, og det på ein måte så det er hugsa etterpå.

Det var ein auksjon på Tales. Der var det mykje følk. Døm bruka å samlast på auksjonane alle som kunde komma ifrå. Og aller helst når det var på ein storgard. Døm møtte opp til kortspelling og dans og drekking om natta.

Han Sjølv-Tølløv hadde gått bygdane utantil med skreppa. Han hadde handla godt, og hadde bare att litt i skreppa. Men i pungen hadde han alt han hadde selt for. På Tales vart det ei hard turing om natta etter auksjonen. Der var det ein kar frå Sevlid i Numedal. Han hadde frieriet sitt her i bygda. Det var vel mest difor han hadde kømmi over. Han var kjent som ein farleg kar, han var ikkje sein om å ta til kniven når han sløss. Følk i Numedal skulde vera redde han, vart det sagt.

Han vart bare kalla Sevlid-gutten.

Det var mangen som tura i lag på Tales. Inne i ei stugua satt han Sølv-Tølløv og Sevlid-gutten og mange andre karar og drakk.

Da han Sølv-Tølløv vart full, tok han til å skryte tå hå rik han var. Han drog fram pungen og viste fram alle pengane han hadde tent på turen utantil bygdane. Nå var det mange som såg på, og Sevlid-gutten sa det:

«Du skulde ikkje vise fram så mange pengar her. Det kunde vera mange slag følk her inne.»

Det gikk ein dag over.

Trea dagen skulde han Tølløv over til Numedal. Han vilde gå over Nerdalsskaugen. Nå var han ikkje så ung, og det gikk ikkje fort med han i bakkane.

Han var kømmi så langt som oppunder Ålibrua. Der visste han ikkje tå, før han fekk sjå ein som kom smettande fram ‘for skaugen og rauk på han. Han vart støkki og sli’i så han ikkje hadde greie på sei meir. Deretter var han reinska for alt sølv og alle pengar; og vart så kasta nedi juvet nedanfor. Om han alt var død da, eller han låg og døde nedi der, det veit ingen. Men drapsmannen smatt inn i skaugen og vart borte. Det var ingen annan enn Sevlid-gutten. Han tok veigen opp gjennom Eggedal. På Steinsett stana han og vart natta over. Han hadde frieriet sitt der. Men han bia ikkje lenge. Han tok over til Numedal så snart det var lyst om dagen. Pengane og det han hadde ti’i tå han Tølløv, grov han ned under bua på Sevlidsetra. Han vilde vel ikkje ha noko av det han hadde røva med sei til bygda. Han reiste så heim til Sevlid.

Det var ikkje så lenge før følk fant han Sølv-Tølløv nedi juvet. Det vart med ein gong ti’i mistanke til Sevlidgutten. Følk reiste over til Sevlid og skulde ha tak i’n. Men da var han ikkje heime. Det kom likevel i oppedag at han var heime og høldt til på et loft. Men så var det ingen som torde gå oppå der og ta han. Døm var redde’n. Han hadde vøri farleg jamt før. Nå trudde døm han hadde skytestell med sei oppi loftet. Det vart lova ut 200 daler til den som kunde fange’n. Men det gikk lang tid før nokon kom sei til.

Endeleg var det nokon som våga sei til å ta han. Det gikk fint for sei. Han sette sei ikkje opp imot døm.

Så vart da Sevlid-gutten sett fast, og det vart forhør. Han stod til det han hadde gjort. Han var så kald og likeglad å sjå på. Det var som det ikkje, gjorde han noko. Han laga ei vise med han satt i fengselet; Sevlidvisa var ho kalla. Det var ein lått han lika så godt og tralla på både seint og tidleg, Sevlid’n blir han kalla. Det «er ein fin og frisk lått,» som han Ola sa. Han blir spella mykje enda. Den låtten skulde Sevlidgutten tralla da han vart leidd fram til blokka på Kongsberg og skulde rettast. Men det er ikkje sant.

Han Gunnar Myre frå Lier var med på Kongsberg den gongen. Ho mor kom i teneste på Myre, og han Gunnar snakka sjøl om det til hennar.

Han Gunnar var ein tå dei to som skulde leide fram Sevlid¬gutten til blokka. Det vart ti’i to ‘tor flokken til det. Det var det verste han nokon gong hadde vøri med på. Han vart riktig rar etterpå. Han sa det, at om han vart dømt til å vera med på slikt ein gong til, så makta han det ikkje.

Sevlidgutten vart ikkje blinda eingong.

«Me’ tar de ikkje blinde,» sa han. Men han var heilt gvit i andletet. Han Gunnar kjente’n skalv. Han sang nok ikkje nokon Sevlidlått da han vart leidd fram.

Døm bretta til side halstørklæet hans. Så stelte’n sei på kne ved blokka. Hugu spratt langt bortpå, og trilla bortetter bakken. Der vart det liggande og gapa. —

Samma gongen skulde døm rette ei gjente som heitte Eline. Ho var og frå Numedal. Ho hadde drøpi ungen sin. To av brørane hennas var dømte til å leie ho fram til blokka. Men da døm skulde leie ho fram, og ho kom så langt at ho såg rettaren med sverdet, så seig ho død i armane på brørane. Ho slapp å miste hugu.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *