Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Muru

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Når gutungane gjekk og bles i fingrane, var det ofte at gamle folk sa til dei: «Du skal ikkje blåsa i fingrane, for då kann du få framande i natt.» Det var muru dei var redde, og plystring i neven var lokking på muru.

Eit mannfolk som var plåga av muru, tykte det kom ei kvinne og la seg utover han og tviheldt han, so han ikkje fekk leda på seg eller skrika. Ei kvinne tykte umvendt det var ein mann som kom.

Dei kunde høyra det gjekk i døra både når muru kom inn på soveromet, og når ho for sin veg atter.

Når nokon hadde muru, kunde andre sjå det. Det liksom rykte i kroppen, og dei låg noko urolege. Då skulde det hjelpa å nemna dei på namn.

Den som var plåga av muru, måtte ikkje setja skone med tæne inn under senga um kvelden. Vende hælane inn mot senga og tæme vekk frå henne, hadde ikkje muru makt til å gjera noko gale.

Det hjalp godt mot muru å hengja ein hestesko over døra. Serleg når alle saumane sat i, var hesteskoen god. Då kunde ikkje muru koma inn gjenom døra.

Endå betre var ein dobbelkross som dei måla på døra inn til soveromet. Det skulde vera framifrå godt vern mot muru.

Det hjalp ogso å ha jarn, eller helst stål, liggjande under senga. Det var godt både mot muru og mot alt anna vondt.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *