Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Narve Madsesæter

Fyrr i tidi var det jamt leide uår. I 1809 var det hungersnaud i Hallingdal.

På Madsesæter ovanfor Sørbygdi i Flå var det tvo brør som heitte Narve båe, — Store-Narve og Vesle-Narve. Vesle-Narve freista i lengste laget å halde livet uppe. Men det var ikkje det Guds grand av mat i huset. Han hadde levt på berre fisk i lengre tid, men no var han vorten so avmektig at han ikkje orka å fiske heller. Ein dag gjekk han upp i skogen og åt bær. På heimvegen sette han seg til å kvile på ein stein der uppe i Voll-åsen og her døydde han. Han makta ikkje å reisa seg att. Han vart funnen som lik året etter. Det hadde vore mykje leiting lenger inne på skogen, ingen hadde tenkt på å leite so nær heimen. Vesle-Narve var ein tilsegkomen, gift mann med fleire born.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *