Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Nykken

Ait anna vatstrøll va nykken. Han va ain stygging, som inki gjorde gagn men berre vilde de, som illt va. Små unga, som komo burt åt vatne, saug han te se. Då han vænta, at nokon snart skulde blive, helt han se myki på dai steilunn, å i skrymslingenn kom han då ov'um vatsmåle me skalla å skraik so stygt, at de va nøggle hoyre på.

Han hadde langt gråt hår å skjegg, gråblaikt and let, å augu, som gloste i hause på hono; men han viste se alder mair en te beltes upp ar vatne.

På ain gard, som låg ainsløngd i ain skog ne me ai ån, hoyrde folki, at nykken kom upp i ain høl å skraik, so de ijuma i skogi:

«Ti’e e komen, men inki mannen.»

Noko kara laga se då te skø'a ette på dessa stellunn å vilde veta, kå som skulde bera te.

Um ait bil kom ain mann tevland so svaiten silte tå hono å endele vilde i ai nau'syn over åne. Folki ottast, at de va han, nykken hadde skriki ette, å difyr toko dai å mainheldo manne, men han gjorde både gret å ille let, for over åne laut han, koss de gikk.

Dai slepte hono inki laus att likevæl, men mannen på garde sa'e då de, at dai skulde give hono noko vatn; va han då faig, so kom han te doy tå di, men va han inki, so vilde de inki nau'e hono noko.

Dai gjorde ette dessa fyrisøgn'n, å me di sama mannen hadde tiki ain svelg tå vatne, stupte han dau åt galde.

Då synte de se, at nykken spådde rett.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *