Kilde
FOLKELIV I SETESDAL
Av Svein Hovet
Rune Forlag
Trondheim 1969

Offertreet

I Setesdal har vi framleis att nokre av dei gamle kjempetre som ein gong i tida fekk sine offer, og vart rekna for heilage tre. Korleis det gjekk til at desse trea vart offertre, er ikkje godt å seia. Truleg var det ikkje meir høgtideleg enn at treet vart planta til det bruk, eller peika ut av nokre menneske, som gav det sitt første offer, og dermed var det vigsla til offertre.

Men nå minkar dei i tal, desse gamle offertrea, somme av dei er alt tørre, og smuldrast meir og meir bort for kvart år. Jamvel om dei vart rekna for heilage, er dei likevel underlagt livslovene, og om ikkje så svært lenge vil alle vera borte for godt.

Det var ikkje noko visst treslag som vart valt ut til offertre, det kunne vera fura, bjørk eller eik, eller eit anna slag. Men noko sams hadde likevel desse offertrea, dei vart alle veldige kjempetre som skulde seg ut frå alle andre, og det har sjølsagt sin naturlege grunn. Dei fekk sine tradisjonelle offer mest gjennom heile året, og kva nå elles offeret måtte vera tenkt til, så verka det som sterkt gjødsling på røtene. Men så mange slag offer som vart lagt der, måtte det også bli ei allsidig gjødsling, utan at nokon tenkte på denne naturlege verknaden av sitt offer.

For dei som i tungt alvor bar fram eit eller anna offer, var det høgare makter som tala gjennom treet, og dei rekna vel også med at det var dei maktene som hadde gjeve treet sin storleik og styrke, ikkje dej mange små offer som mennske kom med. I røynda var ikkje offeret tenkt til sjølve treet, men til dei usynlege maktene bakom, dei maktene som menneske måtte be om hjelp når det ikkje lenger greidde dei vanskar som møtte. På den måten var treet ein slag kontaktmann mellom guddomsmaktene og menneske, og berre ved å bera fram eit offer, var det mogeleg å få hjelp hos desse maktene. Det stikk fram her noko av det same som i all gudsdyrking gudane ville ha sitt.

Ved dei ulike årstider og handlingar på garden, måtte menneska yta sitt offer til treet. Om våren når folk rydda bøane for garnmalt lauv og rusk, vart store dungar av slikt lagt omkring offertreet. Med tid og stunder vart også dette gjødsel, og med dette offeret må dei vel ha tenkt berre på treet, og ikkje på. dei usynlege maktene som dei elles hadde i tankane når dei bar fram offer der. Når folk brygga øl, og det var svært ofte i gammal tid, så vart det avkokte maltet lagt på røtene til offertreet. Dette høyrde med til dei jamne og visse offergåver. Likeeins når dei kinna og laga smør, då måtte dei ikkje gløyma å gje offertreet noko av saupet eller kinnemjølka. Det finst hendingar som vitnar om at folk trudde maktene bakom treet hadde eit visst tilsyn med dette, og at dei greip inn om dei ikkje fekk sitt offer.

Ei kona som sat og kinna, vart ein gong ute for at det slett ikkje ville bli smør, alt ho dreiv på, vart det ikkje anna enn fløyte, og ho undra seg over kva dette kunne koma av. Då kom der ei anna kone inn, og straks ho fekk høyre at fløyten ikkje ville bli smør, sa ho:

– Ja, men har du hugsa på offertreet?

Nei, ho som dreiv med å kinna, hadde gløymt dette, noko ho elles ikkje var van til. Ho skunda seg straks ut med ein mjølkeskvett som ho tømde på røtene til det mektige offertreet ute på tunet. Då ho kom inn att og tok til å kinna, vart det straks smør! Offergåva måtte ha nådd snøgt fram til maktene.

Men slik kunne altså guddomsmaktene bakom treet krevja sin rett, og syna si makt. Og folk tok ofringa med tungt alvor. Jamvel om dei mange borna på garden kunne ha sårt bruk for kinnem jølka, måtte offertreet først og fremst få sitt. Det straffa seg alltid hardt om nokon freista lura seg unna.

Når ei kyr hadde kalva, vart noko av første mjølkemålet skvett på røtene til offertreet, og mykje godt øl gjekk same vegen. Gjennom året vart det store mengder øl som bløytte røtene, og folk har vel tenkt seg at også dei synlige maktene sette pris på godt øl — som dei sjølve gjorde det. Ikkje rart at offertreet voks seg større og mektigare enn alle andre tre — som berre fekk sol og regn! Det ville då heller ikkje ha vore bra om det ikkje skulde seg ut på ein eller annan måte.

Offertreet hadde som oftast sin plass i tunet. Så ofte som folk hadde ærend dit, var det ikkje praktisk å ha det for langt unna. Ikkje sjidan var det plasert på ein gravhaug, og i slike høve må ein gå ut frå at det var planta der til eit levande minne om den hauglagde. På nordre Sordal i Bygland står endå nokre av dei gamle offertrea, men somme av dei er tørre i greinene, og sterkt til nedfalls. Dei står på tre gamle gravhaugar. I gammal tid var der tre gardar, og det er rimeleg å tru at høvdingen på kvar gard har fått sin haug der. Kva tid offertreet på desse haugane vart planta, er det nok ingen som veit, men truleg har dei ikkje kome der av seg sjøl. Då eg ein gong var på staden, vart det fortalt meg at desse tre bøndene kvar laurdagskveld gjekk og skvetta saup på røtene til dei mektige offertrea. Det var vanleg skikk på ein gard at dei kinna smør kvar laurdag. Men var det høgtid, så skvetta dei øl på røtene, i staden for saup, dei tykte vel at også gudane skulle ha noko ekstra i høve av høgtida.

offertre_redigert.jpg

Gamle offertre på Sordal i Bygland. Foto: Svein Hovet

Men den trua som knytte seg til offertreet, var ofte tvibotna. Det var ikkje berre dei usynlege guddomsmaktene som menneske søkte kontakt med der. Det hende også at offeret skulle tena som ein mellommann mellom dei levande og dei døde. Når ei kone ein kveld gjekk og slo øl på røtene til offertreet, kunne ho seia som for seg sjøl: Dette skal farbror ha, for han var slik ein svær kjempekar. Eller det kunne vera ein annan i slekta som fekk ei slik minnegåve. Det fortel noko om korleis dei levande tenkte om dei døde, og at sambandet mellom dei på den måten skulle haldast oppe. Ved offertreet ville dei halda fram med å heidre dei som hadde gått bort.

Både guddomsmaktene og dei døde kunne ingen få direkte samband med, difor var det naudsynt med ein mellommann, og her var det då offertreet kom inn. Gjennom det levande treet meinte mennesket å nå fram til dei usynlege maktene som det ofte trong hjelp frå. Det har alltid vore slik at mennesket ikkje kunne stå åleine, men måtte ha noko å tilbe, nokon å klage si naud til.

Folk hadde vel ikkje så heilt klåre førestillingar om desse maktene som dei trudde skulle finnast bakom offertreet, og som dei bar sine offergåver til. Men som i så mange slag religiøs ofring, låg der nok ein viss egoisme attom, dei venta å få noko att, og likna såleis mykje på ein menneskeleg bytehandel. Og når folk byter eit eller anna, så vil ingen tapa! Alle vil ha vinning. Når det teikna til uår, og bonden gjekk til offertreet med ein stor bolle øl som han let rotene drikka, så var det for å få dei høge maktene i godlag. Greidde han det, så kunne det vera von om at dei gav han god avling, at han fekk sin vilje, og då var ikkje ein bolle øl for stort offer.

Eller ei ung kvinne som gjekk til offertreet ein kveld då alt var stilt, og ho kunne vera åleine. Ho hadde ei sorg å bera på, ei sorg som ingen andre trong veta noko om. Der var ein ho så gjerne ville ha, men ikkje kunne få. Så var det berre dei sterke, løynde maktene som kunne hjelpa. Men det nytta vel lite å be gudane om hjelp, om dei ikkje først fekk ei gåve. Difor bar ho med seg ei bøtte saup eller blod, som treet drakk i all stilla. Og medan dette hende, bar fantasien henne fram til eit eller anna gudetempel, der ho kunne legge sorga si fram for ei makt som var sterk nok til å venda ein menneskehug. Jamvel om ho aldri fekk noko høyrande svar, gjekk ho glad og lett frå offertreet, viss om at gudane hadde høyrt bøna og ville hjelpa. På den måten vart inga offergåve til fånyttes, for dei som trudde sterkt nok.

Det finst og mange hendingar som vitnar om at offertreet var mellommann mellom menneske og dei underjordiske, tussar og nissar, og andre liknande skapningar som mennesket på mange måtar var i nær slekt med. Det var farlege ting å bli uvenner med dei underjordiske, det kunne føra til sjukdom på både folk og buskap, for dei var nokså allmektige, om ein skal tru på segnene om dei. Difor var det viktig å stå på god fot med dei underjordiske, jamvel om ein måtte yta dei eit offer ein gong iblant. Og gåva kunne ein bera fram ved offertreet, som då gjerne fekk namn av Tussebjørka eller Tussefurua. Det var likevel annleis med dei underjordiske, for dei kunne ein til sine tider møta personleg, få ein samtale med dei, og dei skulde seg ikkje stort ut frå menneske, med unnatak av at dei hadde rove!

Men det kom tider då trua på maktene bak offertreet, ikkje var så sterk lenger, iallfall ikkje hos dei yngre. Det fanst jamvel dei som tala om å hogga ned offertreet. Då kvakk det opp i somme av dei gamle som ennå hadde den sterke trua, dei åtvara mot slike ting, og meinte det ville hemna seg, å setta øks i det heilage treet. Gjerningsmannen ville koma i unåde hos dei usynlege maktene, og bli ulykkeleg. Då ein ung gut meinte på at han ikkje var redd for å hogga ned offertreet, sa mor hans at ho meinte han kom til å hogga seg, og ville be om at ho ikkje måtte oppleva den dagen. Men guten brydde seg ikkje om det, og hogg ned treet — utan å hogga seg!

Kven veit om ikkje offertreet likevel har vore ei oppsedande makt i folkelivet. Det hadde nok ein viss verknad at dette heilage treet stod i tunet, som ein vaktar over menneske si ferd i kvardag og fest. Dei menneske som levde der meinte at dei gjennom offertreet hadde samband både med dei høgste maktene og dei ættefedrane som hadde gått bort. Berre der kunne dei bera fram offeret som skulle gjera gudane blide, og hjelpe dei som bad. Ein vigsla offerstad der menneske kunne leggje fram dei vanskar som det ikkje greidde løysa åleine. Det ligg sjølsagt noko djupt menneskeleg i dette at gudane kravde løn eller offer for å hjelpe, og dei var heller ikkje nøgde med kva som helst. Det finst mange soger om at gudane vart sinte når ikkje offeret var stort og godt nok, og då var det på ein måte bortkasta, for då fekk ikkje mennesket noko att. Eit storfelt offer gav større von, difor gjekk folk med det beste dei hadde til offertreet. Og det var nok her som så mange andre stader, at det var trua som gjorde det meste.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *