Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Ola Sjersantengjo

Haugagjentone gjer gjerne ei tenesta mot dei kristna-gutane dei likar. Ole Sjersantengjo i Gol var fehandlar og hadde vore i Gudbrandsdalen etter ei fedrift. Ein stad uppe i åskanten i Valdres kom han under med at han hadde mista tvo kyr, som han ikkje kunde finne att alt han leita. Han heldt på gi seg på det og skulde til å drive att, på vegen heim til Gol. Då stod det brått tvo veve gjentor fram fyre honom, og den eine sa:

«Ser du ikkje kyrne som går her uppe i lii?» og peika på tvo kyr som gjekk eit borseskot undan og jafsa og åt.

Med det same var gjentone som blesne burt. Haugafolket hadde teke kyrne ser du, men gjentone, som likte Ola hadde lura dei andre og ved ei eller annan kvinnelist fått kyrne ut att or haugen. Det går mangt for seg bak kulissone både hjå haugafolket og hjå oss.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *