Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Olav Traaen

Olav Traaen fraa Rauland kunde trolle. Han Mr rundt i bygdine og bad seg, og ei vende kom ‘n til Gro Garvik. Kyrne hennar var nett paa slik uslaatt og vilde ikkje mjølke. So skulde Olav gjera dei gode att for detta. Men han maatte faa med seg ein rjomekling i fjose, og so stengde han seg inne eismall. Gro stod att utanfyre og lydde.

«Kjem du der, so møter eg deg! Aa kjem du der, so møter eg deg au!» høyrde ho ‘n sa.

«Døaaheile, høyr hoss ‘n hels mæ ‘n, du!» sa Gro; ho tenkte det var den vonde sjav han var i kast med. Men just var det rjomeklingen, han stod og snudde paa og møtte rjomen paa alle kantar og saup ‘n i seg, naar ‘n vilde renne av.

«Kvite kalvar aa roue,
dei som ikkje vi liva fær done,»

sa han til seinst. Daa var ‘n ferdug.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *