Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1961 side 60
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik
Skrevet J.Hylland

Olvass-jamten.

Namdal Historielags årbok 1959 hadde nokok om Olvass-jamten ved P.J.L. Her kjem litt meir.

Rette namnet hans var Jonas Sterk. Han var innvandra frå Jemtland i Sverige og slo seg ned ves Olavatnet innafor Opland. Han kom til å gå under namnet Olvass-jamten. Jonas arbeidde ei tid ved glasverket på Åsnesset. Ein dag kjørte han eit tømmerlass i skogen. Dei kom på berr mark, og hesten greidde ikkje å dra lasset. Da spente Jonas hesten frå og drog lasset sjøl og tok betaling for hest og mann med han arbeidde ved glassverket.

–    ”Men”, sa Jonas, ”da måtte eg ha ei potte brennevin først”.

Jonas gjekk på ski frå Jøssund til Opland og inn til Olavatnet med ei tønne salt eller sild i ryggen. Han hadde ein tømmerflåte til å ro over Olavatnet me. Ein gong skulle Simon Olsen Jøssund, som da var framvakstring, vera med Jonas over vatnet. Simon tok årene og skulle ro. Han fekk dei ut i vatnet, men makta ikkje å løfte dei opp.

–    ”Du får sitte bakpå flåten du”, sa Jonas, og rodde sjøl over.

Jonas Sterk døydde på Statland

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *