Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Om dei sterke mennene

Skal vi våge oss på ein liten prat før vi går lenger? Dei brukte mykje det rare ordet «ideal» før. «At øine idealet bak sit virke», var det ikkje så? I dag er det kanskje ikkje nokon som vil bli kalla «idealist». Det må ha skjedd noko? Brukte vi dette ordet for mykje? Sleit vi det ut? Eller greidde vi ikkje å fylle det med det sterke innhaldet det må ha om det ikkje skal bli falsk? Vi kan gi oss til å leite etter nye, u-skjemde namn på dei gamle sanningane, men det hjelper vel ikkje stort. Enn om vi berre enkelt og upynta sa: vi må ha noko i livet vårt som vi kan sjå opp til, noko som er større enn vi sjølve er. Ja, om vi skal bli brukande menneskje, må vi det. Men har vi ikkje det da? vil du seie – i denne vår strålande tid? Jau – dugande bønder og arbeidarar, store statsmenn, flinke talarar, meisterlege kunstnarar, makelause skeise- og skirennarar – er her ikkje nok å ta av? Og skulle det enda bli for lite å velje i, så har vi det å ta av som er kleint – det let seg gjera å sjå opp til det og! Men kva trur du: er det til å koma frå at det vi er opptekne av, det vi dyrkar, det set merke på oss: lyse merke, svarte merke? Vi blir det vi ser – inni oss. Gjer vi ikkje?

Skulle vi sjå litt attom oss – bak ryggen vår? Kva såg dei opp til i gamletida – sagatida? Til storverk, seier Snorre. Og storverk, det var helst det å kunne slå medtevlaren, motstandaren. Som Vinje seier det: «Den som slo best så blodet rann, den mann var landsens største mann». Ja, og så kongen var stor. Særleg om han attåt kunne slå. Og det same med skalden. Men korleis i dansketida? Ja, da er kongen borte. Skalden og er borte. Og med han målet – det norske målet. Langt ute i dansketida hender noko: Ein Tordenskjold stig fram. Han kunne slå. Ein Petter Dass stig fram. Han kom med helsing frå folket, og synte at det levde noko stort heime hos dette folket, noko som hadde vore gøymt og gløymt. Petter Dass og hadde noko stort i seg. Som han delte med folket sitt. Og dei tok det opp. Dei song songane hans og grodde og voks av dei.

Og så omsider 1814. Og Eidsvollsmennene blir noko å sjå opp til – dei står som lysande stolpar atti soga vår. Dei har kome på veggen i stortingssalen og. Såleis at stortingsmennene må sjå dei kvar dag – ja, kvar time dei er i salen. Er ikkje det litt vondt? Og så desse merkelege åra framover mot 1905, med dei mange lysande stolpane og mykje frisk luft – ja, vind, storm, – motvind og. Har du tenkt på at i denne tida kom mennene inn i heimane, opp på veggene – ja, i form av bilete: diktarane – Wergeland, Bjørnson, Garborg o.fl., skolemennene – Chr. Bruun, Ole Vig, Anker, Arvesen, politikarane og – Johan Sverdrup, Viggo Ullmann, Chr. Michelsen, Jørgen Løvland. For min eigen part har eg tenkt på korleis det kunne ha seg at eg kunne namna på alle stortingsmennene da eg var liten, kva dei heitte, kor dei var frå. Dessverre kom ikkje den politiske interessa mi til å halde seg!

Men i bygda — ei slik lita avstengd bygd, var der nokon å sjå opp til? Vart ikkje livet der overlag einslaga og kesamt? Å nei. Bygda var ikkje avstengd. Tenk på myntfunnet på Kaldal frå o. år 1000. Med myntar så langt borte frå som Midhavslanda. Dei kom seg fram den tida og. Eller på slike karar som den seinare mannen på Kaldal, han Ola, som gjorde soldatteneste nedi Østerdalen og møtte bra folk der! Det var gjennomtrekk i bygda. Folk synnafrå kom inn, ungdommar frå bygda drog nordover. Til sjøs. Ein og annan som merkte seg ut var det i bygda og. Somme var kloke, somme sterke. Somme var det vel som slo og, slik som dei gamle sagamennene, men det er det ikkje fortalt om. Men tak tok dei. Og gjorde karsverk.

Ja, slike som han Rudolf – Stor-Rudolf, dei kalla (f. 1848). Han var frykteleg stor og sterk. Han Albert, som dreiv garden etter han, ville ikkje kjøpe seg hest. Han trong ikkje hest – kårkallen hans drog plogen! Han var ikkje redd for å gå heller, han Rudolf, han gjekk dei 5-6 milene fram og attende til Steinkjer for å kjøpe nafta — det var styrkedrikken hans. – Ja, han var vel ikkje mindre, han Edvard Rosset, stor og grovbygd og sterk. Ringfingeren hans var så svær at ein femøring lett gjekk igjennom han.

Han var ein dugande smed og. Han Jon, drengen hans, hadde fått ein ljå av han som var noko særs. Var kanskje ikkje rart at han var kvass, det var stål i han av ei sirkel-bladfil. Han Jon hadde ikkje råd til å bruke denne ljåen anna når han var retteleg sigg og trøytt av å slå. Edvard var bjørneskyttar og. Ein gong han var på bjønnjakt skaut han og såra ein bjørn, og bjørnen kom og ville ta han. Edvard sprang unna, men var uheldig og datt, og han fekk bjørnen oppå seg. Han fekk tak i øyra på bjørnen, og såleis heldt han han frå seg til kameraten kom med børsa.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *