Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Om guten og kårkallen

Han Nekolae budde nedi grannegarden. Han var gammal — oppi 80 åra — liten, hadde langt, kvitt skjegg, var hjulbeint — eg ser han for meg der han kom gåande gjennom tunet hos oss, med krokstaven sin, skulle vel på Haugen, der sonen hans, han Olemagnus, budde.

Han var kårmann nedi garden, hadde to små rom der i øystre enden av stulåna — kona hans hadde det rare namnet Petternilla.

Eg hadde teke til som bladskrivar i 9 års-alderen —»journalist» kallar dei det vel no? I eit barneblad som heitte «Næmingen», eit blad som berre born skreiv i. Men den som skulle vera journalist måtte ha noko å skrive om, veit du, og korleis få det? Jau, just som ein gjer no, gå på bygda og spørje folk — intervjue heiter det visst på fint —det ordet visste vi ikkje av den gongen, og i grunnen så er det vel noko tull og med alle desse framandorda — er det ikkje? Berre noko til å gjera seg til narr med? No ja, så veit du eg gjekk til den som nærast var, han Nekolae, for eg visste han hadde einkvart å fortelje. Eg hadde laga meg ei bitte lita skrivebok med perm av gråpapir, så stakk eg den og blyanten i lomma og labba i veg ned i garden — på reportasjeferd — huff, der kjem eit av dei fine orda att! Og han Nekolae var ikkje vanskeleg å få laus, han fortalde bjørnesoger, og eg skreiv dei inn i boka mi, og slik kom ei av dei seinare inn i bladet:

«Jo Li fekk ein gong sjå bjørnen så nær at han torde ikkje skyte han. Men så fekk han sjå ei urd tett ved og oppi den eit stort tre, da skaut han bjørnen og sprang og gøymde seg bak treet. Bjørnen sprang i veg og skulle ta han, men sprang seg ut over urda og slo seg i hel.»

Dette og fortalde han om seg sjølv:

«Det var ein gong eg var oppmed Rørvatnet, da vart eg var noko som låg og sumde ute elva der, og eg tenkte det var ein fisk. Men så var det to bjørnar. Dei kom opp på land, og sto der og femnde kvarandre. Såleis sto dei eit kvarters tid. Da hadde dei tørkast. Den eine sprang inn i skogen da han fekk veret av meg, den andre sumde over elva og sprang inn i skogen der.» («Næmingen» 1913).
Nekolae

Han Nekolae.
Fotograf ukjent.

Han Nekolae vart fødd i 1825 — det er styggeleg lenge sia, er det ikkje? Vi nordmenn hadde da nyleg kome ut or famntaket åt danskane, og hadde vel ikkje eingong fått rette jamvekta i blodet enda. Det var tronge tider, somme hadde vel ikkje enda greidd å betale den sølvskatten som staten la på i 1816. Barndommen hans Nekolae vart vel trong av andre grunnar og. Ein sommardag i året 1834 heldt mor hans på og raka nedmed Moagrinda, blir det fortalt, da kom det eit stygt torever, og lynet slo ned og slo ho Marit i hel.Ja, det står i kyrkjeboka og — «ihjelslagen af Lynet», står det. Så sat han Ola der att med 3 små bom, han Nekolae og 2 jenter, den yngste berre 1 år gammal. At han ikkje kunne greie seg utan kvinnfolk på garden skjønar vi — han gifta seg att med ei som heitte Ragnhild. Så kom det nye bom, og det vart liksom to flokkar av ungar da: hans sine og hennar sine. Slike ungar kalla dei gamle for andstøypingar, du vil kanskje seie halvsysken?

Andstøypingane voks til. Han Nekolae var odelsgut, men han fekk ikkje ta over garden før i 1861, da 36 år gammal. Dei yngre brørne måtte ut. Iver hadde ei tid husmannsplass under garden — plassen hadde seinare det rare namnet «Stroffen» (stroff = skrøne). Han reiste etter ei tid nordover, det skal vera ættingar etter han og broren Johan nord i landet. Gardmannen Nekolae fekk mykje å stri med: 1860 åra det eine uåret etter det andre, 1871 utskifting av jorda i grenda. Og nett i denne tida tek maskinalderen til, det kravde pengar, og dei måtte ein låne. Såleis kom han i klørne på ein pengeutlånar i bygda som ikkje var nådig. Det enda med at han måtte selje garden i 1887. Og såleis vart han da «kårkall».

Folk ville ha det til at han Nekolae var litt ser og bisk. Ja, kanskje motgangen hadde sett seg fast? Eg hugsar at han kunne vera skarp i målet når han sette etter oss gutungane, t.d. for at vi blistra. Men han var blid og hyggeleg når han fortalde. Mor mi, som vart enkje, og sat att med garden og 4 ungar frå 9 til 2 år, ho let vel om han Nekolae, ho sa at han var den i grenda som var henne mest til hjelp.

Dei sa han var overtruisk. Det låg ein veldig stor stein mellom gardane, eit heilt lite berg. Der leika vi, attmed steinen og oppå han. Seinare kom det ein mann på garden som syntest steinen låg i vegen for jordbruket, han la i han dynamitt og sprengde han i småbitar. Da vart han Nekolae redd. Dette måtte koma til å hemne seg. For dette var heimen åt «småkallane». Og no miste dei heimen sin.

– Kor lang du har vorte! sa han åt meg om somrane når eg kom heim frå skole. Ja – nei, eg var no vel for gammal til vekse da? — Han døydde i 1917, 92 år gammal. Og grenda var ikkje som før når ikkje han Nekolae lenger kom ruslande med krokstaven sin.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *