Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Om skolemeistrar og skole

 

Det har rådd strid — og gjer det vel framleis — om kor ¬leis ein skal kunne styre med elevane i ein skole — skal ein bruke hardhanda eller skal ein prøve å nå fram med godt og gode? Sjøl kom eg til å oppleva begge desse måtane da eg fekk ta til i «storskolen» — den første gjennom det som ungdommane fortalde om sine lærarar, den andre gjennom den nye læraren som vi fekk. Han brukte ikkje hardhanda, nei — og det gjekk da reint framifrå! Den læraren som reiste — heilt til Amerika — han hadde nok gjort det på ein annan måte. Da han for rundt i krinsen og sa farvel, fekk eg den store bjørklinjalen hans — kva han no meinte med det, veit eg ikkje.

Ein dag noko seinare kom ein av ungdommane i grenda inn åt oss, og så fekk han sjå den store skolemeisterlinjalen bortpå bordet, Da song han ut: — Nei, hi du fått den der, du! Nei, den der, han hi æ vel fått mangt eit tapp tå, æ, over fengran!

Men den læraren det var mest snakk om, det var han Stasius. Han var lærar i bygda i 70-80-åra. Denne historia om brørne Anders og Petrus skreiv eg opp ein dag etter han Ivar. Det er hans forteljekunst:

Han Anders og han Petrus var tvillingar og byrja samtidig på skolen hos han Stasius. Dei fekk lekse alt første dagen til den neste, dei skulle lære det første bud.

Dagen etter skulle dei gjera greie for seg. Det gjekk slik til:

Skolemeisteren:
No, Anders — kan du lesa det første bud?

Anders:
– Kan du lesa — det første bud?

Skolemeisteren:
– Nei! Du skal lesa bude!

Anders:
– Nei. Du skal lesa bude — —

Skolemeisteren (bynte på):
– Det første bud ?

Anders:
– Det første bud — ?

Skolemeisteren:
– Du skal — ?

Anders:
– Du skal —.

Skolemeisteren:
– Nei, dette nytta ikkje.

– Du da, Petrus! sa skolemeisteren. — Kan du lesa det første bud?

Da kom han Anders:
– Ja, han kan de, han å! sa han.

Skolemeisteren:
– Du skal — ?

Da kom han Petrus:
– Du skal — ikke — sa han.

Men da vart det liv i han Anders:

– Ja, nei, enn ikke å, ja! sette han i. — De glømt da æ aldeles tå, æ!

Kva skal ein gjera med gutungane når dei driv med fantestreker borte på benken? Han Stasius hadde sin metode: han tok i hårfluskane på dei to som sat nærast kvarandre, og så slo han skallane deira i hop så det skrall.

Han Embret, grannen vår, fortalde om kjelken hans Stasius:

Det var skole heime hos oss på Kalnes, og det var han Stasius som var skolemeister. Han hadde ein fin kjelke som vi skoleungane ikkje fekk lov til å bruke. Men ein dag det var så storarta eit føre — is oppi bakken og hålke ned over tunet, da lura eg og ein annan gut oss i veg og tok kjelken åt skolemeisteren. Vi drog opp i lia ovanfor husa og sette i veg. Det gjekk så det blistra ned mot husa og framom dei og ned over tunet og hålka der — vi flaug! Men det var noko vi ikkje hadde kome i hug: den bratte reina nedom fjøset. Gjekk fort å koma dit ja, og da — da gjorde kjelken eit himlande hopp, frå bakkekanten, gjennom lufta, og ned på flata. Og der gjekk han i tusen knas.

Det var ikkje råd å få utor han Embret noko om kor mykje dei slo seg og om kva skolemeisteren sa. Og kva han gjorde. Ein kan vel tenkje seg til det vart ris på sår bak?

Og så var det dette som han Ludvig fortalde:

Vi heldt til med skolen hos han Ando Staven, og det var han Stasius som var lærar. Det var ein gut på skolen som var mykje større og sterkare enn vi andre, og så var han så trollut, han både slo oss og sparka oss. Og det nytta ikkje for oss å leggje opp med han. Vi gjekk og snakka om korleis vi skulle få has på han, men vi kom ikkje på noko. Da var det ein dag ein som kom på det: vi skulle prøve å få narra han med oss inn i stallgangen, — og det gjekk ei dør derifrå ut på litlhuset, som hang utanpå veggen — og så skulle vi gå laus på han alle mann, dra han med oss ut gjennom døra og ut på huset, og så snu han opp og ned og sette han på hovudet ned gjennom holet i benken der.

Og dette såg ut til å gå bra. Vi fekk han inn i stallgangen, og så gjekk vi laus på han heile hurven og drog han ut gjennom døra ut på huset, og vi heldt på og skulle snu han opp ned — da hende noko som vi ikkje hadde rekna med — det vart for tungt åt huset med guthopen og den tunge guten og alt bråket, det kom eit stort brak, og der ramla huset ned av veggen, med golv og benk og trollgut og oss alle i hop.

Da vi hadde grave oss opp utor mølja, såg vi han Ando, han kom oppover mot husa, og da ropa han: — Nei, no går e fer vitt, no hell dem på å riv ned husa! Det var i middagsfritida dette, og skolemeisteren var i veg og fekk seg mat. Da han kom att, vart det justis — da tok’n oss me in, å så fekk vi føsst ei lang straffprek. Derette mått vi søng ein heil ti’m te straff. Å så vart vi sendt ut å skoll bygg opp huset. Men da vi ha holle på ei stonn me de, vart vi oferlekt og tok te å slåss. Da kom skolmeisteren, å han tok den ei’n å dengt den annerinn me. Men da sprang vi frå alt å for heim.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *