Kildeinformasjon:
BokaInternt referansenummer:B-21.03.2013
Kilde:
HAURT NÅN SÅLLES
Av: Otto Sandhaug -Trønderhistorier
Rune Forlag, Trondheim 1968
Prenta i Bygdetrykk, Melhus
Teikningar: Leif Grav
Klikk her for å lese om Otto Sandhaug på Wikipedia

 

Orginalt likningsarbeid

 

Det var den tida Mosvik og Verran var samman i ei kommune — og kallane var samman til likningsarbeid. Millom anna var det ein der frå Tua i Verran Og som skulle påsjå at skattens mynt vart rettferdig fordelt.

Likninga var på Sundset i Mosvik med lensmann Henck som formann. Og han var no nærmast både Regjeringa og Far sjøl i huset, der kallane sat og mediterte over denne synlege mangel på verdens mammon.

No var det slik på Sundset at stua stod langs etter opp i ein bratt bakke, men med ingen samanhangande mur på nersida. Og av di det var hengt opp noko potetgras til tørk under golvet der, og det var hausten, og geitene gjekk ute, var desse frekke nok til å lure seg inn der og gjeste denne herligheita. Og da kunne dei ikkje unngå det, stakkar, sjøl om dei hadde vore englegeister, dei kom til å dundra skamlaust så frekt med hovna opp under golvplankane til stor forarging og distrahering åt dei som sat og braut heilen sin over tal og utrekningar. Difor hadde formannen, som var den som delte ut jobbane, gitt kallen frå Tua strengt pålegg om å halde geitene borte — han var no frå så liten ein krins at det kunne høve…

Likevel var kallen frå Tua av den meining at han var likningsmann, han òg da, og høyrde til innafor veggene, så han skyssa kanskje ikkje dyra så langt kvar gong før han gjekk inn og sette seg igjen.

Men no veit du at geit er geit som ingen er i stand til å mane eit grand vett inn i skallen på — ikkje ein gong ein likningsmann — men er bansetta stae dyr som ikkje ei gong skyr dauen, gjeld det å få eta noko dei kan stela, så kallen hadde ikkje før kome seg ned på krakken før dei var der igjen og sette igang med ei ulideleg hamring under golvplankane så det dunka og dundra i heile stua.

Da var det lensmann Henck stappa alvorleg så bøs i golvet og ropa:

Men Bastian! Har jeg ikke sagt dig det, at du skal passe gjeterne!

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *