Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

På Bergens våg

sogne-stubbar_-_p_bergens_vg_015

I Indre Sogn brukte dei gamle jekteskipparane ropet «La maisi ratla» når skuta kom i havn. Dette var ve1 innarbeidd ombord og alle skjøna det.

Så var det ein gut frå bygda som kom heim etter å ha vore i utanriks fart. Han kunne fortelja at dei måtte bruka ropet «La ankeret gao». Det brukte dei nemleg alle andre stader.

Ein skippar som høyrde dette, sette seg føre å fylgja rådet. Til mannskapet sitt sa han likevel ingenting om det.

Kort etter skulle han til byen (Bergen) med ei vedlast og fekk god bør.

Vel framkomen, ropa han til den halvvoksne sonen sin som sto heilt framme og på grunn av vedlasta ikkje var synleg:

«La ankeret gao!»

Dei hadde to anker med myse med som tyrstedrikk. Det eine var alt tomt. Guten som ikkje før hadde høyrt det nye kommandoropet, tenkte at det var ankeret faren hadde i tankane og lempa det overbord.

Då faren ikkje høyrde noko kjettingrasling, ropa han endå ein gong:

«La ankeret gao!»

Nå byrja guten å lura. Han såg tvilande på det fulle myseankeret, tok so mot til seg og ropa:

«Ska eg la gao da fudla og?»

Nå var det faren som stussa, men så kom det med kraftig røyst:

«La maisi ratla, gut.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *