Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

Paalsyninn

Det var nokon der uppi Nore, dei kalla Paalsynin med. Ein av dei tende paa Vetrhus. Ein sumar dei var paa sætri, han og ein annan dreng, so laag dei og kvilde paa vollen, og denna andre drengen hadde somna og laag retta den eine handi fraa seg. Da laa Paalson ei ny nauteruke i handi hans og stelde seg til aa kitle ‘n kring munnen med eit straa. Guten skulde jaga undan detta aate i svemn og kleste heile nauteruka i kjeften paa seg og drog myk langt ned i halsen.

Men daa tvila dei, Paalsonen hadde fengi juling, hadde han ikkje teki foten fatt.

*     *     *

So var dei ei onnor vende, det var paa sætre det med, han og ein annan var der og slo. Den som var med ‘n hadde endaa sett paa seg ei ny skinnbukse. Med ‘n laag og kvilde den andre, so var Paalsonen avstad og fiska tryte, for det var eit trytetjenn tett ved vollen. Skunda ‘n seg so uppatt med ei livande tryte og fekk lura ned i bukselom paa den andre med ‘n laag og sov. Tryta ho vrikka og lea paa seg, so ‘n vakna. Han trudde ‘n hadde fengi orm i buksa og treiv tak og meinheldt, drog upp kniven og skar stykkje or den nye buksa for ”ormen”.

Men daa hadda Paalsonen komi seg so langt undan, at han var toleg trygg.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *