Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Patriotisme i Hornindal…

Ved regulering av kommunegrenser kjem patriotismen tilsyne sterkare enn elles.

Ved grenseoppgangen i 1967 vart det samanslåing av Stryn og Hornindal kommuner. Det vart vel ikkje til særleg glede for nokon, tvertimot så skapte det mykje strid og lite samarbeidsvilje. I Hornindal steig lokalpriotismen med fleire hakk. Ein Honndøl hadde vore ute for ei ulukke, og i sterkt medteken tilstand vart han send til Nordfjord Sjukehus der dei fann ut at han måtte få tilført blod. No hadde han ein svært sjeldan blodtype og i blodbanken var dei lens for denne typen. Personalet nemnde då at dei hadde ein blodgjevar i Stryn som dei kunne få tak i. Sjølv om det var lang veg så måtte vel Stryningen kome likevel, når det stod om liv.

Dette kom pasienten for øyra og så kom det svakt:

– Nei, Stryneblod vil eg ikkje ha, då vil eg heller døy.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *