Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1963 side 18
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik
Skrevet P.Jæger-Leirvik

Petter Svarte og møte med en mannevond hund

Lensmann Roland Svarte og Peter Sverdrup i Buøya var uvenner, og det var ikkje fritt for at sonen Peter også hadde fått kjenne snerten av uvennskapen. Så var det ein gong Peter måtte til Buøya for å handle og han rekna med at Sverdrup ville gi uttrykk for kjenslene sine på ein eller annen måte.

I Buøya hadde dei ein folkful hund, som Sverdrup brukte å sleppe når det kom nokon som han hadde imot, og han Peter rekna med eit møte med denne hunden. Derfor hadde han tatt med seg eit par særleg tjukke og veltøvde votter. Og rett nok – hunden vart utslept og kom med reist hår beint imot Peter da han nærma seg husa. Da var Peter snar til å få på seg vottane, greip over kjeftane på hunden og drog dei frå kvarandre så dei gjekk or led. Og der vart hunden ståande med open kjeft.

Da Peter kom til gards, stod Peter Sverdrup på troppa. Han spurde Peter om han såg noko til hunden nedom garden.

– ”Jau, der står ein og gappa’ nedpå her,” svara Peter Svarte.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *