Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Råd mot dyresjukdom

Hest som hadde tådd seg med skoen, lækte dei med å vaske såret i urin. Mot såre pattar brukte dei same råda.

Budeia på ei seter fikk kua sår. Ho fikk sendt opp salve til å ha på pattane. Men det hjelpte ikkje. Så budeia laut ta til gamleråda for å få skikk på dette.

Han bestefar Larsstugun var som ein dyrlækjar.

Han brukte mye malurtbrennevin til medisin. Han rispa blada av planten. Dette tørka han og gnei det smått og hadde det i brennevin.

Hestar som var brotne på manken etter selaballom, lækte han med salve. Han gnei sund blåstein og knadde i talg. Dette gnei han så i såret.

Elles fór han bestefar og skrapa hestane for skar i kjeften.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *