Internt referansenummer: 15.04.2009 – A

Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

 

Råder mot sjukdom og skade

Dei gamle hadde mange slag råder mot sjukdom. Særleg nytta dei ymse urter, blad og blomar, som dei la på sår og verk. Eller dei koka te og tok inn som medisin. Somme kjerringar – ja kallar med var særleg flinke til å sanke inn og lage slik medisin, og folk gjekk da gjerne til slike når noko vanta. Elles hadde ofte kvart hus sine kjerringråder. Somme for med maning og åtgjersle også. Slikt gjekk no av bruk etter kvart, men mange av dei gamle kjerringrådene har vore brukt lenge.

«Frosken»

«Frosken» var ein magesjukdom, som særleg born var utsett for. Og den kunne vera farleg, så det stod om livet.

Som råd mot denne sjukdommen tok dei ein frosk, skar av han hovudet og tok blodet og hadde i ungen. Dette vart gjort i seinare tid òg somme stader. Ho Gjertru Stølveia fortalte at det var vanleg råd mot «frosken» at dei la foten av ein lev¬ande frosk inn på tunga til det sjuke barnet.

(Frå Åfjorden er det fortalt at der skulle den sjuke sleikje ein frosk under buken.

Gjertru Stølvei, husmannskone, f. kring 1850.

 



 


Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *