Internt referansenummer: 15.04.2009 – A

Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

 

Råder mot sjukdom og skade

Dei gamle hadde mange slag råder mot sjukdom. Særleg nytta dei ymse urter, blad og blomar, som dei la på sår og verk. Eller dei koka te og tok inn som medisin. Somme kjerringar – ja kallar med var særleg flinke til å sanke inn og lage slik medisin, og folk gjekk da gjerne til slike når noko vanta. Elles hadde ofte kvart hus sine kjerringråder. Somme for med maning og åtgjersle også. Slikt gjekk no av bruk etter kvart, men mange av dei gamle kjerringrådene har vore brukt lenge.

Giktbelte

Bestemor hans Knut Skomakar bruka giktbelte kring livet. Det var om lag ein tomme breitt og var samansett av plater av sink og koppar med tjukt ty imellom. Kvar plate var kring ein tomme lang. Ho tok på beltet når gikta sette åt. Før ho tok det på, la ho det i eddik ei tid. Lina Tannvik hadde hørt om slike belte inni Snillfjorda, men hadde ikkje sjølv sett dei.

Knut Stolsmo (Knut Skomakar), f. 1873
Lina Tannvikfrå Snillfjorden, søster til Ane Klungervik, arbeidde lenge på Lian, f. 1860, d




Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *