Internt referansenummer: 15.04.2009 – A

Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

 

Råder mot sjukdom og skade

Dei gamle hadde mange slag råder mot sjukdom. Særleg nytta dei ymse urter, blad og blomar, som dei la på sår og verk. Eller dei koka te og tok inn som medisin. Somme kjerringar – ja kallar med var særleg flinke til å sanke inn og lage slik medisin, og folk gjekk da gjerne til slike når noko vanta. Elles hadde ofte kvart hus sine kjerringråder. Somme for med maning og åtgjersle også. Slikt gjekk no av bruk etter kvart, men mange av dei gamle kjerringrådene har vore brukt lenge.

 

Han Erik vart god i foten

Han Erik Myrholta fortalde:

Hausten 1876 tente eg hos han Anders Stolsmo. Ein dag vi stod og slakta sauer, kom vi på at vi skulle flå i kapp. Men da eg skulle skjera opp bringkollen på den første sauen, glatt kniven borti foten og skar av senene i kneet mitt. Eg sa åt han Anders: «No ha æ vesst skårre te døds». Da seig dei ihop kvinnfolka, ho And og ho Sigrid, søstra. Han Anders hjelpte meg opp på loftet, og der vart eg liggjande i 8 vekor. Da kom det ein kvaksalvar, John Rasmusen Kirksæter. Og han gav meg denne råda: «Du skal pess’ oppi ei gryt’ og så ha oppi tynnrømme. Detta skal du kok’ te ein graut som du har på såret.» — Det gjorde eg, og eg vart heilt god att. Dette var tett føre jul.

Erik Myrholt, husmann på plass under Mo, f. 1853, d. på Gammelheimen 1938



Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *