Internt referansenummer: 15.04.2009 – A

Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

 

Råder mot sjukdom og skade

Dei gamle hadde mange slag råder mot sjukdom. Særleg nytta dei ymse urter, blad og blomar, som dei la på sår og verk. Eller dei koka te og tok inn som medisin. Somme kjerringar – ja kallar med var særleg flinke til å sanke inn og lage slik medisin, og folk gjekk da gjerne til slike når noko vanta. Elles hadde ofte kvart hus sine kjerringråder. Somme for med maning og åtgjersle også. Slikt gjekk no av bruk etter kvart, men mange av dei gamle kjerringrådene har vore brukt lenge.

 

Medisinen i Olibekka

Han Arnt f’ortalte:

Bestefar var frå Rennebu, men han budde i Snillefjorda. I Rennebu var det den gongen ein kall som heitte Per Skamferseter. Han var kvaksalvar, og mange søkte åt han når noko vanta. Bestefar hadde ikkje større tru på han, men ein gong han var sjuk, fekk dei andre likevel overtalt han til å fara åt han Per. Han hadde noko leidt utslett, han bestefar. — Jau, han kom åt’n Per, og der fekk han noko på ei flaske. Det skulle smørjast på, men det såg mest ut som vatn. Og så fekk han ein papirlapp som han skulle leggje under dørhella.

Men han bestefar råka mange kjenningar på heimvegen. Han drakk seg full, og flaska vart sundslegen. Sidan fekk han tak i ei anna flaske, og da han var mest heimkommen, fyllte han flaska med vatn i Olibekka. Dette smurte han på. Og frisk vart han. — Bestefar lo ofte når han fortalde om kor god medisin det var i Olibekka.

Arnt Vollen, bonde, Snillfjorden,f. 1872



Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *