Internt referansenummer: 15.04.2009 – A

Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

 

Råder mot sjukdom og skade

Dei gamle hadde mange slag råder mot sjukdom. Særleg nytta dei ymse urter, blad og blomar, som dei la på sår og verk. Eller dei koka te og tok inn som medisin. Somme kjerringar – ja kallar med var særleg flinke til å sanke inn og lage slik medisin, og folk gjekk da gjerne til slike når noko vanta. Elles hadde ofte kvart hus sine kjerringråder. Somme for med maning og åtgjersle også. Slikt gjekk no av bruk etter kvart, men mange av dei gamle kjerringrådene har vore brukt lenge.

Ring i øyro

Ingebrigt Bakko var gjætar på Lio da han Nils var småguten. Han var så plaga av at det rann vatn or auga hans. Som råd mot dette laga han seg ringar av bly og sette i øyresnippane. Det kunne visst brukast ringar av anna metall òg, men han Ingebrigt bruka i alle fall bly. Han Nils visste ikkje om det hjelpte noko. Han var elles rar mer det òg han Ingebrigt, at han sette seg ned og åt opp all niste med det same han kom opp i marka om morgonen, så både han og Nils måtte svelte resten av dagen. Og når han sat og åt, lokka han til seg geiteflokken og gav geitene litt av maten òg. Da var han sikker på at dei ikkje strauk frå han om dagen.

Det var andre òg som bruka ring i øyro til vern for synet, og det skulle vera blyringar. Ho Marit Lihauga meinte at det var berre kvinnfolka som bruka denne råda, ikkje karane. Lina Tannvik fortalde at ho sjølv hadde bruka slike ringar.

Marit Sinnes, f. Lihaug, bondekone, f. 1894, dotter til Lars Lihaug sen.
Nils Sødahl, bonde på Lian, gift med Marit, f. 1883
Det var også fleire enn desse som fortalde om dette…



Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *