Internt referansenummer: 15.04.2009 – A

Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

 

Råder mot sjukdom og skade

Dei gamle hadde mange slag råder mot sjukdom. Særleg nytta dei ymse urter, blad og blomar, som dei la på sår og verk. Eller dei koka te og tok inn som medisin. Somme kjerringar – ja kallar med var særleg flinke til å sanke inn og lage slik medisin, og folk gjekk da gjerne til slike når noko vanta. Elles hadde ofte kvart hus sine kjerringråder. Somme for med maning og åtgjersle også. Slikt gjekk no av bruk etter kvart, men mange av dei gamle kjerringrådene har vore brukt lenge.

 

Stor-Bjerkan kurerer for tannpine

Han Lars hadde så ulideleg tannpine, og så gjekk han åt’n Stor-Bjerkan (Ola Kjerran). Han Ola tok ei nål og stakk inn i tonna så det blødde. Med dette blodet laga han fleire rare teikn på ei brødskive, som han Lars fekk eta. Han forstod ikkje kva som vart skrive på skiva, heller ikkje hørte han kva som vart sagt. Men han vart god att for tannpine.

Lars Lihaug sen., bonde, Likroken, f. 1861




Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *