Internt referansenummer: 15.04.2009 – A

Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

 

Råder mot sjukdom og skade

Dei gamle hadde mange slag råder mot sjukdom. Særleg nytta dei ymse urter, blad og blomar, som dei la på sår og verk. Eller dei koka te og tok inn som medisin. Somme kjerringar – ja kallar med var særleg flinke til å sanke inn og lage slik medisin, og folk gjekk da gjerne til slike når noko vanta. Elles hadde ofte kvart hus sine kjerringråder. Somme for med maning og åtgjersle også. Slikt gjekk no av bruk etter kvart, men mange av dei gamle kjerringrådene har vore brukt lenge.

 

Stubbsirismurning

Brenn ein bjørkepinne og set han ned på ei kald øks. Da tyt det ut noko feitt, som ein kan smørje på boldar (verksvullar) og slikt. Dei tok ofte eit stykke av sopelimskaftet og laga slik smurning av. Eg hugsar eg fekk slik medisin på leppesår ein gong. Det sveid til gagns, men det gjorde visst godt. Det skulle helst svi skikkeleg. «Ont ska ont fordriv’», heitte det.

I Snillfjorda kalla dei denne medisinen «Stubbkjerringsmurning».

Reidar Snildal, bonde, Snillfjorden, f. 1872


Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *