Internt referansenummer: 15.04.2009 – A

Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

 

Råder mot sjukdom og skade

Dei gamle hadde mange slag råder mot sjukdom. Særleg nytta dei ymse urter, blad og blomar, som dei la på sår og verk. Eller dei koka te og tok inn som medisin. Somme kjerringar – ja kallar med var særleg flinke til å sanke inn og lage slik medisin, og folk gjekk da gjerne til slike når noko vanta. Elles hadde ofte kvart hus sine kjerringråder. Somme for med maning og åtgjersle også. Slikt gjekk no av bruk etter kvart, men mange av dei gamle kjerringrådene har vore brukt lenge.

 

Tobakk og tannpine

Tobakk er godt for mangt, såleis hjelpte det mot tannverk, når dei la han inn på tonga. Tannpina kunne ein bli kvitt på annan måte òg, såleis kunne ein sett’ tannpina i eit tre». Det gjek for seg slik: Først måtte ein ta ein trepinne og stikke inn på den vonde tanna til det blødde. Så stakk ein trepinnen inn i eit tre. Da fekk treet tannpina.

Ola Amundsen Svanem, bonde, Hemnskogen, f. 1857


Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *