Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

Ragne-Stein

Det var nokon her uppe i Nore, dei kalla Ragne-syninn, eg veit ikkje meir kvar dei var ifraa.

Ein av dessa gutane heitte Stein, og so kalla dei ‘n Ragne-Stein. Han tende so lengi hjaa Røstø’n.

Det var allmindeleg so i den tidi veit du, at tenestfolkje fekk uvandare mat enn sjølvefolkje, og so var det paa Røstø med, maatta. Mannen sjølv aat smør og ost og prim attaat braude um morgonen; men drengen fekk berre ost. Dei hadde sætrar i Verjedalen, og um vinteren dreiv dei og køyrde høy derifraa, Røstø-mannen og drengen. Nedantil dalen og til dei kjem upp paa høgdi er det dugeleg bratt og tungt for hestane, so køyrekaren gjekk etter og skuva. Røstø-mannen stod i og skuva, han med; men han Stein gjekk berre og slong etter lasse. So spurde husbonden, koss det hadde seg, at han ikkje skuva, han med.

”Smøre skuvar bære ell osten,” svara han Stein.

*     *     *

Han var so spræk til aa draga paa kjelke han Stein. Ho Kari, kjerringi paa Røsta, hadde
skyldfolk, og veit inkje anten det var i Sigdal eller det var austi Eggjedal, og so vilde ho stad vitja dei utpaa vaarkanten, og han Stein skulde draga ho paa kjelke. Detta gjekk no alt baade godt og vel, til dei kom nedatt mot bygdi. Daa var der ein fin hall og Stein stod i skjæke og styrde, og ho Kari sat rund og nøgd paa kjelken. Men best det var, so stupa den spræke dragaren hennar, slepte skjækane og kjelken drog ut, og kjerringi skreik og bar seg; men det gjekk no sin gang for det, til det stana nedpaa flati. Leid paa kom drengen larkande etter, litt halta ‘n, og ille bar ‘n seg for det skulde gange slik — men kjerringi hadde no si tru um rullingi, som vel rimeleg kunne vera med.

*     *     *

Eingong hadde ho Kari ei stor mjølkegryte paa peisen, ho skulde yste.

”Du lyt passa gryta, du da Stein,” sa ho til ‘n. So sat ‘n no der han daa. Men so høyrde ho det tok til aa sy i gryta.
”No kjem gryta, Stein!” skreik ho.
Stein spratt upp, som ‘n skulde vori brand og ut gjenom dynni. Som det leid paa satte ‘n hovude innatt, og kjerringi var til aa skjende paa ‘n.

”Du sa gryta kom, du, so torde e inkje ana e tok ut, e,” sa han.

*     *     *

Eingong pissa han i bekken, og so gjekk ‘n nedanfyre og drakk. Dei spurde kvifor han gjorde det.

”Aa e synis no dæ æ skam o vera paa so stor gar som Røstø o drikke berre vatn,” svara han dei.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *