Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Rare folk

Ingerid Ormsdotter


Soleis heitte ei møy som aatte mvkje av Bø, som heitte Sætersbø og radt ned mot Brattestaa i Nes. Eingong gjeng ho saman med einkvar utyver klosterbrui i Skien. Som ho er midt paa brui tek ho av seg ein diger gullring og kastar i fossen med dei ordi:

– Likso umogeleg som det er at eg fær att denne ringen nokon gong, likso umogeleg er det at eg kan verta fatig.

Men ein laks hadde set det blenkja i vatnet og hadde slukt ringen, og daa ho seinare kjøpte laks, fann ho ringen i magen hans. Og ho vart paa resten so fatig at ho vart sitjande paa ein liten turrlendt plass heitte Refshaug i Nes.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *