Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Rare folk

Kristian Ringsevju sel ein kakkelomn han ikkje eig, til ein fjellmann


Ein gong i den tidi dei rodde til byen og pla vera innum paa eit roskifte med Nordsjøstrandi og drikka, var Kristian som vanleg tilstadar. Han selde daa til ein fjellmann ein kakelomn, og sa, at denne stod paa Skiftnes. Der kunde fjellmannen ta han sjav. Daa fjellmannen kom til Skiftnes og vilde ta omnen, vart folki der leide og sa, at Kristian ingen omn aatte der.

Fjellmannen fekk nokon til aa ro seg og vilde freista taka kjeltringen. Men Kristian fælte uraad og fekk nokre menn til aa ro seg fyre ut paa Nordsjø. Fjellmannen vinka daa og ropa til dei som rodde Kristian. Desse menn vilde stansa og høyra. Men Kristian ropa tilbakars:

– Hald dikkon berre til Austlandet de, so nauvar de ikkje!

So segjer han til romennene:

– Ja vil no berre fantarne lata armarne til – so kan det gaa!

Og dei rodde so fossen spruta. Fjellmannen var ikkje kar til aa taka han att.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *