Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Rare folk.

Kristian Ringsevju


Kristian Ringsevju som livde for lenge sidan og budde i Ulefos, var ein lettliva kropp og ikkje so fri for kjeltringferd, skal ein tru dei segnerne som gjeng um honom. Og det er daa ikkje lenger sidan han livde enn at rigtig gamle folk for ei tid attende kunde minnast honom.

Han var nok ikkje fri for aa vera tjuv (langfingra) hell, han Kristian. Ein gong han vilde stela hjaa ein mann i Ulefos, krabba han ned pipa. Men mannen pla hava spjeld i peisen med ein diger staur innunder, studd mot gruvehella. Kristian vart difyrr standande fast til morgonen kom. Daa mannen i huset um morgonen vilde gjera upp eld, fekk han ikkje stauren ifraa.

Han vart tilslutt vond, slær til stauren med eitkvart og ropar:

– Eg meiner den vonde er i pipa, eg!

Spjellet datt og Kristian stupte ned. Mannen datt mest i uvit og vart liggjande, medan tjuven strauk ut døri snøgg som ein vind.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *