Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Rare folk.

Sigurd Høre og fjellmannen.


Sigurd var jamt og samt ute og for med aa selja bik-bostar, kvinnfolki skulde greida haaret sitt med. Dei var gjort av grisebust men samanklistra anten med bik eller harpeis i den eine enden som var til at holde i. Mange av desse bostene datt snart sund avdi dei ikkje var sterkt samanheft. Men naar Sigurd kom att, fekk han selja nok ein borste for den var daa so sterk-gjord, at der aller datt so mykje som ei bust utav, meinte Sigurd.

Han bar og paa ei fela, var ho opi, berre kitta han ho att med bek.

Han var ein stor skjemtegauk. Ein gong han kom til Landsmarka tok han paa seg gjera sko aat ein gut. Han skar til og fekk solar under i ein tvo tri. (Guten saag ikkje saumar, men Sigurd vart hurren og seier ”Forstend du ikkje at dei er blindsauma daa, torsken.”…Sigurd hadde berre klistra del ihop med bek).

Guten vilde bruka dem med det same, men det sa Sigurd han ikkje maatte, men lata dei staa nokre dagar, daa vart dei so sterke, sa han. Guten so gjorde. Men daa han um nokre dagar vilde nytte skoene fall solane ifraa. Dei var berre lima fast med bek dei og.

*     *     *

Sigurd kom ein gong til kammerherren paa Ulefoss. Han skulde ha reparera nokre hjul. Jau, Si¬gurd fekk forskot, slog sund hjula, men strauk so avgarde og let dei ligga etter seg sundtekne. Han var ein skøyar og kunde aldri det gran hjulmakararbeide.

*     *     *

So kjem Sigurd til ein fjellmann, som stend, i ei myr og vreitar Der er mykje blautt, og Sigurd meiner at mannen maa faa styvlar paa og ikkje staa slik vaat og misste helsa.

Jau, fjellmannen sannar med og seier, at han nok har eit par nye styvlar heime, men at han synest dei var vel gode til aa staa der i bløyta med. Sigurd gjeng daa. Daa han kjem til garden, mannen aatte, gjeng han so inn til kona og skal segja i fraa, at ho maa finna fram styvlarne aat mannen sinn. Han vilde ha dei paa for ikkje missa helsa. Kona so gjer. Sigurd tek dei som vil han bera dei til mannen, men komen litt burt, sett han dei paa seg sjeiv og gjeng sin veg.

Mange aar etter kjem so Sigurd inn paa ein gard i fjellbygdi att, daa bur den mannen som hadde missta styvlarne der. Han kjenner Sigurd igjen og segjer:

– Er ikkje du Sigurd Høre fraa Saude-herad som reiste av med styvlane mine?
– Haa! — nei langt fraa! Det var ikkje Sigurd Høre det — nei, det var „Sigurd Røre”, det — han sit, han no! (S. H. satt paa stolen).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *