Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Ris

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Det var ein barnesjukdom som vart kalla «ris». Det er den same som i seinare tid har vorte kalla «engelsk sykje». Då låg borna med føtene i kross og berre illskreik. Men finnane var gode til å gjera borna friske når dei hadde «ris».

Folk trudde det hang so saman at småkallane dreiv på og risa barnet, som måtte ha vore dei til meins på ein eller annan måte. Difor var det sjukdomen fekk namnet «ris». Verst fór da småkallane åt med barnet i skumringa og på fyremidnatta.

For ris hjelpte det å ta gravmold og koka supe på ho. Den supa som soleis vart til, smurde dei so på det sjuke barnet.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *