Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Safran vart bruka til medisin og farging…

(Kjelde: Nils Akslen)

Safran vart bruka til medisin og farging.

«Safranplanten har en lang gul griffel som i toppen deles i tre lange, mørkerøde ar av en krydret lukt og smak. Disse ar gir i tørret tilstand safran, som anvendes i medisiner og dessuten som farvestoff, i sær i bakverk», står det i Aschehougs leksikon.

Safran var å få på butikkane i tunne pakker, og likna finkarva tobakk, vart oppløyst i sprit og brukt til farging av treskeier o.l.

Safran var svært dyr. Hans Enersvold gjekk tarveleg kledd og virka ustelt og noko armodsleg. På Handelsforeningen i Vågå byrja nokre ungdomar blant betjeningen og ha han til løgje. Men han tetta kjeften på dei, da han bad om å få ein kilo safran.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *