Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Sande-presten

I Sande i Gulen hadde dei eingong ein prest som hadde so lett for å snakka på rim. Særleg då dersom han var sterkt oppteken av noko.

Såleis kom han eingong til lensmannsgarden, banka på og sa:

«Eg reiste i frå Sande i sinne.
Det var lensmannen eg ville finne.
Er du her inne?»

I Sande er det stor skilnad på flo og fjøre. Dette er ofte plagsamt for robåtar, ja, for større båtar med. Då presten eingong snakka om dette kom det:

«Å koma til Sande i flo og fjærene,
er noko av det vanskelegaste i verdene.»

Eingong sto Sandepresten på krambua. Det var og ein annan mann der som gjerne ville koma i prat med han, og lura på kven han var. Denne mannen var frå Lindås.

Då sa presten:

«Mine initialer står på alle hus i Lindås prestegjeld. Dei står og på dette hus.»

Mannen tvila på dette og ba om at presten måtte syna han det. Dei gjekk ut og presten peika på takskjegget som det draup ein og annan drope frå:

«Kva kallar dei dette?»
«Ops,» svara Lindasmannen.
«Riktig,» svara presten, «det er mine initialer. Det står for Ole Pedersen Sande.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *