Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Sår

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Når det var eit sår som ikkje vilde gro, var det beste råda å få tak i rust av kyrkjeklokkone. Det var frå innsida på klokka ho måtte takas, og helst midt uppe um lag. Beste krafta hadde rusten som sat straks ovanfor det beltet der kolven slo mot klokka. Når dei skulde skrapa-tå rusten på beste måten, utan at rustmjølet fekk blåsa burt og utan at det fekk klinga for sterkt i klokka, smurde dei eit slags feitt på den staden dei skrapa. Ved skrapinga laga det seg då ei slags salve, og dette savet var det dei smurde på såret.

Når nokon hadde eit ope sår, batt dei over ein klut med smør på og med noko kongrovev inst mot såret.

På sår var det godt å smelta feitt av «julstøbb».

Det hjalp ogso um ein strauk over med skadejarn. Kyrkjegardsmold (teke tå ei grav) var god for frostsår.

Gjekk ein med slik mold i skone, skulde frostsår gro betre.

Mot frostsår brukte dei reinsost som dei la på såret.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *