Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Segni um Gunnheims-kongen og

Haatveit-kongen.


Gunnheim skal etter oldnorsken koma av ”Gunnr” eller ”Gudr.” (hokynsord) og tyder strid (hærgudinde).

„Heim” er det kjende samansetjingsband som finnast i so mange av gardsnamni fraa Norigs fyrsta buartid. Namnet skulde daa tyda stridens eller „hergudinna" sin heim. Andre meiner, at gardane har fenge namnet avdi ein „Nesa-konge", Gunne, budde der i gamall tid.

For mange hundrad aar sidan budde der paa Gunnheimen ein konge heitte Gunne

Han var svert megtug og aatte mvkje jord, soleis ikkje berre alle dei 8-10 Gunnheimsgardane som no
er og som daa var ein gard, men til Gunnheim høyrde alle kringumliggande Steinsrud- Kaasingardar, og enndaa hertil heile nordvestre luten av Nes, som grensar upp mot Boherad og kallast „Sætersbø". Soleis skal den store garden ,,Sætre" daa ha vore ”Sæter” under Uunnheim.

Gunnheimskongen hadde mvkje gull- og sylv- saker og. Desse skattarne var han svært redd for, difor grov han deim ned ved Gvarvelvi; etter andre i haugarne anten paa Gunnheim eller paa Haatveit, ikkje langt fraa vegen til Bø, straks ved Brattestaa. Fraa elvi og i retning av desse grav-haugarne paa Haatveit skulde daa Gunne ha gjort ei vonom lengere „Laupegrav", og denne kan ein den dag idag sjaa nokso langt upp fraa elvi i leid mot haugane.

Folk vil vita, at desse haugane gøymer skattar etter Gunheims-kongen, og mange har difyrr god hug til aa taka med seg sju slag arvestaal, spade og grev for aa taka fatt paa haugarne tri torsdags-nettar utan aa gje so mvkje som ei ”kremt” fraa seg. Men tenkjer du Haatveitbøndane vilde gjeva løyve til det? Nei, dei passar nok paa, at ikkje nokon fær ”kløane sine” i desse skattane som rimeleg kan vera. Difyrr ligg haugane der so urørde enndaa.

Ei onnor segn fortel det so, at der bodde ein konge paa Haatveit og, og at Gunnheims-kongen og Haatveit-kongen laag i krig med kvarandre. Gunnheimskongen gjorde daa ei løyngrav upp fraa elvi for aa koma uventande yver Haatveit-kongen, og at det lukkast Gunnheims-kongen drepa Haatveit-kongen; rimeleg ligg daa denna hauglagd i ein av dei haugame paa Haatveit. At dei uppkasta løypegravene er vortne til paa denne maaten, er nok det trulegaste. (Ikkje langt fraa desse haugarne er reist ein ”bauta” til minne um eit mannefall", sam skal ha' vore der).

Folkesegni og kva Saxo Grammaticus skriv:


Erkebisp Absalon sin skrivas, som livde i 12 hundradaaret e. Kr. heite Saxo. Han skriv
Danmarks-soga, men paa latin, difyrs karm ikkje folki det. So sette Grundtvig Saxo Gammaticus's saga um paa dansk. I denne soga er innfletta eit hende, som baade presten Wille, raadmannen Løvenskjold og sagagranskaren Kraft er samde um er hendt i Nesherad her i Telemork, og det samstavar nøgje med den segni som enno livar paa folketunga, som segjer, at der var uvenskap millom ein konge paa Gunnheim heitte Gunne og kongen paa Haatveit, ”Haatveit-kongen” kalla.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *