Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Segni um Tolleiv Gaasetjønn, Fjellmann-Jon

og deira slegt.

For umlag 250 aar sidan, eller i slutningi av seksanhundradtalet, livde der paa Roe i Sundbygdi ein mann, heitte Tolleiv Jonson — (var komen fraa Gaase¬tjønn i Skafsaa). Denne Tolleiv’en pla fara ikring aa forpagta (bruke) gardar. Soleis kom han og til aa bruka garden Flekstveit i Laardal. Til leiga høyrde m. a. at Tolleiv skulde riva ned eit gamallt stabbur, som berre var bygt paa steinar og so setja det uppatt paa stolpar, til stolpebu, slik dei vanlege buder no vert uppsett. Daa Tolleiv no gjekk iveg med aa riva budi, vart han var, at der i den eine golv-tilja var fellt inn eit spuns. Tolleiv som gav meir gaum paa dette var ogso agtsam at han vilde røykja etter kva dette vel kunde vera og slær spunset viskk. Ein kan no tenkja seg kor mannen laut undra og gledja seg, daa han innuntier dette firkanta spunset fann gøymt 600 specidalar! Tolleiv tok pengane som var overlag stor sum i den tidi og reiser ut til den kjende og rike frua paa Borgestad i Gjerpen.*) Ho aatte fleire gardar i TeleMorki, soleis og i Saudeherad og Nes. Tolleiv kjøpte daa av henne garden Haukevik i Saude. Men Tolleiv kunde ikkje trivast der, difyrr reiste han til frua paa Borgestad att og fekk byta med ho i Lindheini i Nes som og frua aatte. Lindheim var daa paa 9 — ni — tunnor i skyld. Dei er no deila i dei 5 nordre Lindheim-gardane.

Tolleiv budde daa paa Lindheim. Han kjøpte og ein part av søndre Lindheim etter kaptein Hals.

Segni fortel at kona aat honom gjekk inn til han, daa han sat og lappa sko og sa:

Kom no Tolleiv, so gjeng me burt til Lindem paa auksjonen og kaupar søndre Lindem. Tolleiv vart daa so flygande sinna at han kasta lestarne yver heile stoga. Daa gjekk kona aaleine burt til sudigard til auksjonen. Daa ho kjem høyrer ho nett, at garden vert ropa upp for 500 daler. Ho baud og fekk tilslaget. Og Tolleiv fekk aldri grunn til aa angra denne handelen av kona.

Tolleiv og kona hans hadde 3 soner. Millom dei deila han sidan garden, so kvar fekk 3 tunnor.

Jon heitte den eldste, som vart gift med ei gardmannsdatter paa Berge i Nes, difvrr budde han snart paa Lindheim og snart paa Berge.

Denne Jon Berge eller Fjellmann-Jon som dei kalla han var mvkje tala um avdi han var so ovleg sterk. Han var elles ein fredsam mann som aldri yppa ufred og krangel og soleis ikkje tok paa nokon med kjempekreftene sine, sosant han kunde koma ifraa. Men han hadde ein granne som og heitte Jon og som var helt kranglen. Allstødt freista han egla seg innpaa ”Fjellmann-sonen”, som han kalla Jon. Daa han sjølv hadde nokon otte for Fjellmann-Jon sine kraftige nevar, var han lur og fekk stella det so at han fekk husmannsfolki paa Lia under Dyrtid til aa laga til eit ”ølkast”, som det kallast. Det var eit gilde eller kalas med drikk, turing og dans. Til dette ølgilde bad han so inn dei sværaste kjempekarane fraa Bøherad, nokre regtuge slaass-kjempur. So bad han Jon Berge koma, for det var no igrunnen honom han vilde ha tak i og dengja upp.

Daa Jon kom til Lia var gildet bvrja; døri stod opi, og Jon saag allt fyrr han gjekk inn, at folk var mykje fulle, at dei hoppa paa golvet og kytte. Han gjekk likevel inn. Det var ikkje lenge fyrr dei tok til aa erte honom. Jon vilde daa gaa att; men daa han var ved døri rauk eit par av slaass-kjemporne paa han. Jon saag nu at det var aalvor av og uraad aa sleppa. Det galdt berga seg det besste han kunde. Han kom seg burt til bordet, fekk der tak i ein 3-beins krakk og med den slog han kring seg, so han jaga ut alle ihop, gjekk so heim att med krakken i handi som verje, um dei vilde korna etter, men og for aa hava han som eit minne um ølkastet paa Lia.

*) Fru Anne Arnold. Aar 1648 var Borgestad provstigods og vart mageskift til Gjert Clausen i Skien. 1691 sette Gjerts enke det i pant til assesor Halvor Borse. 1702 solgte Borses arvingar Borgestad til Hans Arnold, gift med enken Anne Clausdatter, som var datter aat Claus Ander¬sen, lagmann i Skien. Anne hadde fyrr vore gift med Stig Andersen, Tansberg. 1690 som handlar i Skien. Arnold og kona eigde og Ulefos sagbruk. Arnold døydde 1709 og Anne 1713. Anne dreiv skipsbyggeri paa øyi utfor Borgestad og stor timberhandel paa Telemork. Anne hjelpte bøndane ofte med mat og ana. Sokneprest Hans Povelson Paus i Kvitseid (fraa 1683-1715) seier med anna i eit dikt til hennars pris: ”Hon hjølper paa Bonden, er ingen for stor, de maa me i Fjøllo berømma, kon er for okkon ei nyttug Mor, Gud skal hennor derfor belønna, Gud lat hennar liva evindeleg vel.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *