Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Segni um Vellarhaugen i

Nesherad.


Garden Gjernes skal eingong ha heitt Gjentenes, avdi det etter svartedauden berre skulde vore ei gjente att der. Paa denne garden budde det sidan ein hardhause, kallast Gonnar Gjessmann (eller Gasmann). Han fælte ikkje for noko.

No viste folk um, at naar dei for paa vegen til Bø-herad nordanum Haatveit, framum Vellarhaugen, var dei ofte ille ute for noko illt burte i haugen. Daa vaaga ein mann med Gunnar, um han torde rida der, forbi nottes-tider og samstundes ropa inn til vondskapen.

Gunnar torde. Reid han so avsted ei nott. Daa han kjem midt fyr Vellarhaugen ropar han: ”Stat upp draugen or Vellarhaugen og gjev Gonnar Gjessmann aa drikka!”

Daa kjem det noko ut or haugen og ropar: ”Vent no berre, skal du faa!”

Men Gunnar sporar besten og sett avstad. Skrymtet etter og kastar eit horn etter honom; men hornet raakar berre hesten attast paa lenda, der tok det baade haar og hud av. Det var ei fæl til smyrja i dette hornet, som dei ha etla Gunnar. Hesten fekk han ikkje stansa, fyrr han kom upp under Grivi-reina. Daa han vende tilbakars, fann han hornet og tok det med til Gjernes. Der skulde det vera sjaa i lange tider etterpaa. Der var 7 digre ringer av gull kringum det. Kvar dette hornet no er vorte av, er det ingen som veit.

Denne soga er meg fortald av gamle Olav Sørnson Hølen som bur tett ved Vellarhaugen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *