Kilde:
FOLKELIV I SETESDAL
Av Svein Hovet
Rune Forlag
Trondheim 1969

Setesdalsbunaden

Når det gjeld mannsbunaden i Setesdal ,
har det vore mange meiningar om kvar den i røynda hadde opphavet sitt.
Skal ein tru historia var den første mannsbunaden i Setesdal ein raud,
fotsid stakk! Det var den gong det var berre nokre få menneske i dalen,
eller rettare sagt inn på fjella, for der budde folk før dei fløtta ned
i dalen. Seinare har det vore mange slag mannsbunader. Den siste som
har vore i bruk, med «skinnfu» og høg bukse og stutt kufte, har somme
meint at var restar av ein ridebunad frå Spania eller
Nederland. Det er truleg den store skinnkappen bak som har gjeve folk den meining.

Det er nok tvilsamt om noko er heilt rett. Kan henda setesdalsbunaden
har mange likskapar med andre framande bunader, men den er likevel ein
nasjonal dølebunad, som gjennom lange tider er forma ut etter delene
sitt eige ønske,

Og ser vi den utvikling som bunaden har hatt, vil vi finne at der har
vore mange brigde og omformingar. Det, første ein høyrer noko om
kledebunaden i dalen, er i eit skrift av Erik Leganger. Han var prest i
Valle frå 1709 til 1715. Han skreiv om ni slag kledebunader. Den eldste
var av geiteskinn eller saueskinn. Etter skinnkleda kom vadmålstrøya og
nokre bukser som dei kalla sokkebukser. Dei var så lange at dei gjekk
framom tærne, og altså kunne brukast i staden for sokkar, Då desse
kleda kom «av moten», kom det i bruk eit slag stakkar som var laga av
raudt, blått og brunt tøy. Denne stakken vart sjeldan bruka i arbeid,
så, det må ha vore ein slag høgtidsbunad.

Den siste bunaden som presten Leganger skriv om, har ei trøye som dei
kalla flasketrøye, raud vest og knebukser som var laga av 13-14 alner
tett vadmål. Dei var så vide at dei likna meir på sekker. Trøya var
også av vadmål og nådde berre ned til hoftene. Rundt nedste kanten var
fastsauma vadmålslappar som dei kalla flasker, og av den grunn fekk
trøya namnet flasketrøye. Ned etter kantane i bringa var det tett med
knappar. Til denne bunaden var ibruk heilt fram til 1840, men berre som
festbunad. Ein av desse bunadene er det som vi har på Bygdøy. I 1840
var Tidemand i Valle, der måla han ein brudgom som hadde denne bunaden,
og der vil ein då kunna sjå korleis brudgomsbunaden såg ut.

Den neste som skriv noko om setesdalsbunaden, er Reidar Gjellebøl, han
var prest i Valle frå 1772 til 1782. På hans tid bruka mennene kvit,
stutt trøye, flange, og kvite knebukser. Flange var ei slag kufte som
likna på stutt-trøye.

Korleis bunaden såg ut etter denne tid, vil ein for det meste kunna
firnna i ”Gamalt or Sætesdal”. I den første tida Skar skriv om, hadde
der kome ein ny bunad til dalen att. Det var lang, kvit trøye som var
rundsneidd nede og kanta med svarte band. I bringa var det tett med
stålknappar. Vesten bruka dei blå eller brun. Buksene var kvite
knebukser.

I 1830 skifte moten att. Då vart det trøye av grått vadmål med høg,
stiv krage av svart klede, og to slag bukser. Dei som vart mest brukte,
var knebukser som var så høge at dei rakk opp under armane. Frå lomma
til kneet var sauma på eit grønt tøystykke om lag 2 cm breidt, og ved
knea var sprette av sølv. Dei andre buksene var langbukser, men likna
elles på knebuksene, berre med den skilnad at det grøne tøystykket var
4 cm breidt og langs dette tøystykket var det fullt av knappar frå
lomma til okla. Denne bunaden vart brukt fram til 1840, då den siste
setesdalsbunaden med skinnfu vart tatt i bruk.

Det er såleis ikkje mindre enn åtte slag bunader for menn som har vore
i bruk i Setesdal, frå den første ein kjenner til, og fram til vår tid.
Den bunaden som er på Bygdøy, og som var i bruk fram til 1840, med raud
vest, flasketrøye og knebukser, var det Vest-Agder ungdomslag tok
oppatt som festbunad i 1929. Skreddar T. Haugen i Bygland kjøpte
eineretten til å sy bunaden, og gjorde dei brigde som trongst.

Til bunaden vart då nytta vanleg, tunt vadmål og sølvknappar. Men det
synte seg likevel å vera vanskeleg å få folk til å nytta bunaden, og
berre nokre få bunader vart laga i åra framover Sjølvsagt vart ikkje
denne bunaden billeg, og det gjorde vel sitt.

Men vi skal sjå litt nærare på kvar den siste setesdalsbunaden kan vera
komen frå, og korleis han liknar på ymse andre framande bunader.
Merkeleg er det iallfall at mannsbunaden har skifta så ofte, meden
kvinnebunaden har halde seg nokså ubrigda. Ein skulle heller tru det
hadde vore omvendt.

Om utviklinga av setesdalsbunaden seier Rikard Berge: ”Karmandsklædi er
dei som brigdar mest på mote framigjennom tidi. Mellomalderbunaden vart
ombytt med den drustelege renessanseklædningen med felte vidbukser og
sidkufte. Den heldt seg alt til i slutten av 1700-tallet, då
impirebunaden tok til å syne seg, først med noko sidare kufta, so med
stuttare etter kvart. Det gjekk karmannskædi i Setesdal som i Telemark:
etter kvart som kufta styttna, krak broki oppetter til ei urimeleg
lengd (rygghøgd), og nedefter til ho ende i den langbroki me kjenner
no.”

Fleire av dei gamle setesdalsbunadene med knebukser og stutt trøye,
likna nok mykje på dei bygdebunader vi finn andre stader i landet, og
alle hadde dei vel meir eller mindre likskap med bunadklede frå andre
land. Setesdal var ikkje meir isolert i den tide heller, enn at dalen
kunne bli påverka av sedar og skikkar frå andre land. Det var såleis
livleg ferdsle mellom Noreg, Holland og Tyskland, mange utlendingar
busette seg på Sørlandet, og det var naturleg at dei Lok med seg seder
og skikker heimanfrå, også i kledevegen. På 1500-talet hadde vi tyske
gruvefolk i Telemark, og det er interessant å merka seg at den kufta
som dei tyske gruvefolka brukte på den tid, har stor likskap med den
kufta setesdølene brukte på 1600-talet. Den siste setesdalsbunaden med
saum og render og bukselok, har stor likskap med klede frå Tyrol og
Tyskland, endå om bunaden på kvar stad har sitt sermerke. Som alt anna
har bunaden hatt si utvikling, og det er vel nokså rådlaust å peika på
kvar den eller den bunaden har opphavet sitt.

Det er skjønleg at den gamle setesdalsbunaden av kvitt vadmål, ikkje
eigna seg serleg godt til arbeidsbruk. Men dei gamle dølene visste råd
med det. Dei tok og drog kleda omkring på golvet ei stund, så dei vart
litt grå og skitue, før dei tok dei til arbeidsklede! Dei brukte belte
av ler, fullsett med messingnaglar. Det seiest at det var eit storfelt
syn når dei kom i store flokkar på kyrkjeveg, i dei drivande kvite
bunadene sine. Hatten var svart og høg, den tok 6 – 7 liter, og hadde
fått namnet ”sjaupotthatt”. Men til kvardags bruka dei fleire slag
huver, sydde av vadmål, eller strikka. Skorne sydde dei sjøl – med
reimar av rått kalvskinn.

Kvinnebunaden i Setesdal har nok fått sitt sermerke i dalen, har blitt
utvikla og forma etter setesdalsk folkelynne, men heller ikkje der kan
vi vera så heilt, visse på at det ikkje finst innverknad frå andre
land. Ser vi på brurestasen med det sermerkte vrinslade og alt sølv som
er plasert der, har vi ikkje akkurat maken andre stader i landet. Men
alt i 1780  finn vi nett same hovudstasen hos brurejentene i ymse
bygder i Nord-Trøndelag, og då var dette hovudplagget gammalt og
velkjent der.

Kvinnene i Setesdal bruka to stakkar, ein kvit og ein svart utanpå.
Desse stakkane var svært enkle i gammal tid, og hadde ikkje all den
løyssaum og stas som kom til i seinare tid. Kvit lerretsskjorte har
alltid høyrt til kvinnebunaden, men til fest og høgtid hadde dei
blåkufte utanpå, den var laga av svart klede, og hadde mykje sølv og
stas. På hovudet hadde dei svart plagg med roser i, men dette var lage
i byen. På den kvite stakken var det tre svarte border nede i kanten,
på den svarte var det et grøn og to raude border.

I dag er setesdalsbunaden stort sett nedlagd, jamvel om kvinnebunaden
held seg oppe som festbunad. Dei som i framtida vil sjå korleis denne
bunaden såg ut, må leita, seg inn på gamle stabbur og museum.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *