Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Sjåføren selde bilettar til 1., 2., og 3. klasse…

Syn-for-gudar-side-0087
Illustrert av Herbjørn Skogstad.

Kommunane i Sogn og Fjordane har vore sers aktive med å få til bilruter i bygdene. Allereie i bilen si fyrste tid var det dei som prøvde seg. Førde var tidleg ute med å skipe «Drosjesentral». Men det var for det meste rutekøyring dei dreiv med. Dei køyrde visse strekningar på grusvegar med hjulspor og bratte bakkar, og stripe med hestelort midt i vegen.

Sjåføren selde bilettar til 1., 2., og 3. klasse. Men alle passasjerane sat i lag i same bilen. Det var ingen skilnad såleis, ikkje før dei kom til ein bakke som bilen ikkje greidde å forsere med fullt lass. Då ropa sjåforen:

– Alle i 3. klasse må ut å gå.

Kom dei så til ein brattare bakke, ropa sjåforen:

– 2. klasse må ut å gå, 3. klasse må skue på.

Då var det at 1. klasse passasjerane fekk valuta for den høgare billettprisen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *