Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1966 side 85
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik
Av: Anders Pedersen Solsem

Sjømannsminne frå Leka – I

Min oldefar, Mads Valentinsen Solsem, eigde den garden på Solsem, som sidan vart delt mellom sønene Benjamin og Peter Madsen. Han hadde som regel 4 drengar på garden. Sjølv dreiv han for det meste berre Lofotfiske. Heimfiske var det drengane som dreiv. Han jakta også på kobbe og erten. Elles segla han mykje som skipper for gamle Hemmingsen i Risvær, både på Lofoten og Bergen.

Ein haust han hadde tatt inn last og låg ferdig for å segle til Bergen med Risvær-jekta, kom der opp ei kobbe bortom jekta. Karane ropa attover til Mads, at no måtte han ta børsa og skyte kobben. Mads sprang ned i kahytta etter børsa, som han støtt hadde med seg, og framom farmen tok han sikte på kobben. Men så tok Mads børsa stilt ned att. Karane undra seg over at han ikkje skaut. Men han svara ikkje, sette berre børsa ned i kahytta att. Så varsla han om at han måtte ein snartur heim til Solsem før dei segla. Heime bad han om å få med lik-skjorta si, for no var det siste turen han gjorde til Bergen. Likskjorta fekk Mads med. Og han døyde på turen. Han vart gravlagt på Kind nordom Bergen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *