Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1966 side 85
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik
Av: Anders Pedersen Solsem

Sjømannsminne frå Leka – II

Den siste som hadde Nordlands-jekt på Leka, og som gjorde to turar til Bergen for året, var Even Pedersen Solsem. Han dreiv også litt fisk- og landhandel. Han forliste med jekta ”Merseilia” på Stadhavet i stor kuling på tur heim frå Bergen i 1896. Dei segla av mastra. Alle mann berga seg i skibbåten til Frøya.

I 1911 forliste Johan Johnsen Solsem med skøyta ”Pilen” frå Solsem i sør-aust kuling på Folda på heimtur frå Kristiansund. Det var storseglet som rivna. Dei hadde full saltlass til kjøpmann Berg, Rørvik. Hurtigruta ”Barøy” var da tett attom, og dei praja henne etter slep. Ho stoppa og tok tamp om bord. Men under manøvrering kom ”Barøy” for nær med hekket, nokre nater i skøyta vart sprengde, og skuta gjekk straks ned. Dei to mann iskøyta berga seg i jolla og kom seg om bord i ”Barøy”. Skøyta ligg nedsøkt på Folda utom Villa.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *