Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Skattefritt geitehald…

Likningsnemnda i Førde hadde møte og handsama ymse sporsmål om likninga. Mellom anna var det kome for ein dag at det var to i Førde kommune som hadde geiter, men at desse ikkje var likna for innkome av geitehald.

Likningssjefen svara at han kjende til geitene, men fann ikkje grunnlag i lova til å skattleggje eigaren for inntektene.

– Den eine, sa han, var ei gammal jente som hadde 2 bukkar for lukta sin del. Og den andre var ein einsleg pensjonist som hadde nokre få geiter for selskaps skuld. Og når korkje bukkelukt eller geiteselskap var skattepliktig, meinte han at han hadde gjort rett.

Likningsnemnda godkjende avgjerda.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *