Internt referansenummer:B-09-001
Kilde:
http://home.online.no/~jsoraa/sagnsamling.htm

Skibskista som ble borte på Solsem

For ein sytti – åtti aar sidan var der paa Solsem berre ein tre – fire gardar. Folket arbeide og slost saman, især slost. Naar dei slog saman nede i Hopenget, dalen der elvi renn, var det so visst at daa vart det og slagsmaal. Dei kunde aldrig verta einige um merket.

So vart det ein haust det braut laus eit frygtelig uver. Det verste veret i mands minde. Det fortelljes  at der laag ein mand paa likstraa, men stormen rista likbordet saa liket vart liggande skjævt. Um natti høyrdest eit nødskott gjennom stormen, men aa setja baat paa sjøen i slikt ver var no reint aa freista Vaarherre. Ut yver natti tok uveret av, og ikkje høyrdest fleire nødskott. Fyrr da det ljosna av dag skulde gamle Trine, legdekjæringen paa ein av gardene, aat torvskjulet efter torv. Daa fekk ho tak i noko kaldt, klamt. Ho lyfte lykti og lyste paa det. Det var ein daud mand. Han hadde kryaa seg upyver og inn i skjulet, og daa hadde han kje greid meire, stakkaren. Da det tok til aa lysne av dag, kom ein flokk folk up fraa sjøen. Daa dei kom til gards    fortalde ein av dem paa gebrokent norsk, at han heite Mandelin og var kaptein paa ein finsk tremaster, som um natti var forlist ute i millom øiane. Det einaste dei hadde berga var grisen. Dei slagta den nede paa fjæra um morgenen, og steikte flesk av han til frokost. Finlendarne vart værande paa Solsem nokre dagar. Kapteinen hadde mista skibskista si. Han sa; at den som finn henne, vart inkje fattig, korkje han eller ætti hans, um han bar seg klokt aat.

I flokk og følge rodde folk utyver for aa sjaa vraket. Kor det laag veit eg inkje, men det fortælles at daa sjøen fall trilla det heilt um paa sida, og det hev vorre lasta med krusty, for det var kvitt av krusty og krusbrott paa botne umkring.

Sidste kvelden finlendarne var paa Solsem, feira dei vist eit større avskildsgilde. Nok er det, dei drak og slost so blodet flaut. Men kapteinen var ein stille kar. Han vart glad i ei jente der, fortælles det, men daa ho var forlova før, vilde ho inkje ha noko med han aa gjæra, og han reiste daa saman med dei andre. Vraket vart liggande til storm og uver braut det sundt. Men skibskista aat kapteinen vart vist funne av ein mand paa Stein. Han byrgja ialfall ein stunn efter aa gaa klædd i svært fine klæde, og som kapteinen sa; korkje han eller ætti hans hev vore fattig sidan.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *