Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Skogshusvære

Skogshusværa til vinterbruk var lafta opp av grovt tømmer.

Ei vanleg stor koie var kring 4 meter lang og kring 3 meter i breidd. Men det var koier som var mindre.

Det var ikkje syllmur under koia. Tømmerbølingen var borin oppe av steinar som var lagde under kvart hjørne.

Mange av dei gamle koiene var lite skikka som husvære til vinterbruk. Dei som hadde bygt, kunne hatt lite om tid med å få opp husvære åt dei som skulle inn. Så hadde det blitt snargjort arbeid. Somme av koiene var elles lafta opp av folk som ikkje hadde drivi med husbygging, og arbeidet vart da der etter. Stokkane hadde det med å ugjøre seg, og det som hadde vori lagt til fyll mellom stokkefara, vart etter kvart borte.

Det var lagt utnamn på dei verste av koiene. Namn som Frysihel er kjent.

Når det hadde lagt snø, brukte dei å legge ein snøgard langs etter syllstokkane og oppetter langs veggene. Snøen tok av for kjøld i opninga under sylta. Men sjølv om dei provde å halde ute verste kjølda på det viset, var det ikkje greitt å halde seg ufrosin i slike husvære når det sette inn med hard kulde. Så lenge dei heldt det gåande med elding inne, gikk det på eit vis. Men etter folk hadde roa seg og varmen gikk ut, varte det ikkje lenge før alt inne klaka til.

Dei som var noe på alderen og tålte mindre kulden, kunne da sitte oppe det meste av natta og halde liv i varmen.

Innreinaden i dei gamle koiene var svært enkel. Døra var på eine tverveggen. Langs den andre tverveggen var lagt ein rund stokk som dei kalla tarr. Jordpallen mellom tarren og veggen var sengstad. Underlaget i denne stokkepallen kunne vere granbar eller røslyng. Men skulle koia vere i bruk det meste av vinteren, var det vanleg å ta med frå bygda ein halmmadrass til underlag.

I gammal tid var det ikkje vanleg å bruke sengklede i skogshusvære. Dei hadde bare arbeidstøya over seg til deksel. Da dei tok til å bruke sengklede, kunne det vere ein gammal skinnfell eller eit anna plagg som hadde vori brukt i seng heime som vart deksel åt han som låg i stokkpallen i koia. Det var lagt utnamn på liggestaden i dei gamle skogshusværa. Dei kalla han geitbenk.

Før det kom omnar i koiene, var det ikkje å få tørke klede inne, og plagg som hadde blitt våte av sveitte og av snø under arbeidet ute, laut ein snugge i om morgonen slik ein hadde lagt dei bort om kvelden føreåt. Dei brukte ikkje ta med til skogs bytte av underklede. Om noen hadde funni på det, ville dei andre i arbeidslaget haldi han for å vere ein raring, fortalte ein gammal skogsarbeidar.

Når dei skulle kvelde og hadde fått av seg på beina, drog dei eit par tørre hoser på som dei låg i om natta.

I dei eldste skogshusvære var det open eldstad på jordgolvet og ljore i taket. Dei første omnane skal ha komi i bruk i siste halvparten av førre hundreåret. Dei var kalla feltomnar og hadde 2 hol i plata for kokekar.

Matbordet var ei treplate som var festa til 4 pålar som var slått i jordpallen. Bordplata var ikkje så stor at alle kunne kome til der når dei skulle ha mat. Noen laut sitte på tarren og få i seg maten der.

Utanom dei vanlege koiene for vinterbruk var det noen innsmett som dei kalla gapahytter. Dei var bygde opp av granbar og var på stelle som låg så langt frå tømmerkoie at dei som dreiv i skogen ikkje ville ha arbeidet med å gå frå og til koia.

Når det lei på høsten og det tok til å bli kalde netter, brukte dei å gjøre opp stokkvarme framfor inngangen til gapahytta.

Ja, det leita på å halde ut i skrale husvære, serleg i lange kaldvêrsbolkar.

Men det var lell verre å vere gamp. Det var ikkje stallar å sette dei i, og det første dei hadde å gjøre dei som kjørte når dei kom til det stellet der dei skulle vere, var å få opp barhytte til gampen. Barhytta var vanleg bygt innåt eine veggen i koia. Det var ikkje rart innsmett. Når dei hadde kjørt gampen våt av sveitte og sette han i barhytta, stod han kvit av rim når dei tok han ut att, og det han hadde lagt etter seg om natta, var steinfrosi.

Dei som kjørte, brukte på å vere oppe i 3-tida om natta og ta ut gampane og kjøre eit skeid så dei ikkje skulle fryse forderva. Dei kalla det å kjøre ottevending. Somme brukte å ri gampen for å få varme i han.

Det gikk ord om noen ungdommar frå Skjeslien. Dei var på Veståsen og kjørte. Om natta når det var tid å ta ut gampane og ri varmen i dei, hadde dei eit ordtak desse ungdommane: «Nei, nå må vi å tjede.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *