Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Skulegong til de grader…

Mange av dei fremste politikarane våre har vore folk med lite skulegong.

Det har vore harselert med av somme som har høgare utdanning og som meiner å sjå samfunnet så mykje betre gjennom brillene sine.

Ein Nordfjord-ordførar tok imot ei gruppe slike «fagfolk» som tilbaud tenestene sine. Dei hadde stor tiltru til utdanninga si og nemnde opplæringa etterkvart som dei presenterte seg. Ordføraren sa ikkje noko om sin sivile stand, så dei kjende seg noko usikre på kvar dei hadde han og ein av dei orda frampå om han hadde juridisk bakgrunn.

– Nei, sa ordføraren. Eg har sju år folkeskule, og so har eg to næter på ein husmorskule.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *