Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Slagsmålet om ho Meddals-Maja…

 

I riktig gammal tid budde det bare tre i dessa gardane her. (Meddalen, Baklid og Steinsett.)

Det var ein kar i Baklid døm kalla Baklid-Svarten, for han skulde vøri så svart i hår og skjegg. Han var ei fæl sløsskjempe.

På samma tida budde der ein i Steinsett. Han var så stor og sprek. Han vart bare kalla Steinsett-Kjempa. Hå døm meire hadde til namn, er det ingen som veit. Det var følk som ikkje hadde nokon slags kristendom.

I Meddalen var det slik ei vakker gjente. Ho heitte enda Maja, og vart kalla Meddals-Maja. Hennar var døm glade i begge to, både Baklid-Svarten og Steinsett-Kjempa.

Nå hadde Baklid-Svarten ei seter i heimmarka. Der møttast karane og sloss om ho Maja. Der vart Baklid-Svarten drøpin. Han vart grøvi ned der han datt på setervollen. Døm visste enda om grava hans i gammal tid. Døm tok til å grava der ein gong. Men døm fant ikkje noko.

Steinsett’n vant, men om han fekk ho Meddals-Maja, veit ingen nå.

Da han døde, vart han grøvi ned i jordet i Steinsett. Det er ein haug i jordet der. I denna er det han skal liggi. Han Narve Steinsett la til å grava der ein gong. Han stod i skjortearmane og grov. Men best han høldt på og grov, visste han ikkje tå før han fekk sjå blod på skjurtearmen. Da vart han redd og gav sei med gravinga. Han snakka om detta sjøl:

«E’ var kømmi ganske djupt au. Men så fekk e’ sjå liksom tre bokstavar på skjurtearmen. Då vart e’ redd, og e’ grov ikkje meir.»
Han Narve vilde ikkje eingong sei’ hå det var han hadde grøvi hen. Men det kom opp sia.

Følk vilde ikkje det skulde snakkast mykje om dessa hendingane i bygda.

«Mann min lika ikkje at je fortalte om dessa morda. Slikt skulde helst ikkje talast om, sa han. Det skulde glømmast.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *