Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Slettekarar

 

Jens Volgast var klokkar og budde på Slette. I den tid sønine hans var unge, gikk det mykje rart for sei på Slette. Detta er i tida utover kring 1750. Døm var fire karar, og nokon urolege skrottar alle, og døm fant på mykje spell. Ein tå døm vart klokkar etter faren, det var han Hans Ein var noko be’re enn dei andre. Han hadde vøri ute noko, og vart kalla Fenrikken.

Ein gong fant døm på at døm vilde prøve håss det var å bli hengt. Ein tå døm skulde henge sei for moro, og så skulde dei andre skjera’n nedatt i tide. Han hengte sei opp med ei snuru om halsen. Dei andre sto jamsides og såg på. Men døm skjønna ikkje hå langt det lei med han. Døm lat’n henge. Det var fyst da han tok til å gjøra i broka, døm såg til og fekk skøri han ned. Det var i siste lita, for det var med nød døm fekk liv i han att.

Fenrikken var finare enn dei andre. Han klædde sei fint, og førte sei fint. Detta hadde dei andre karane bare moro tå, og prøvde å gjøra moro med’n.

Ein gong skulde han stad og snakke med presten ein helgemårå. Han var nå så fin at han kunde det og. Han hadde på sei dei beste klæda, lommetørklæ hadde han, det bruka ikkje følk i bygda på den tida. Det var bare for dei fine.

Om mårån hadde dei andre guttane vøri nedi låven etter nokon slike små raude musungar, slike som det bare så vidt er liv i. Dessa hadde døm tulla inn i lommetørklæet hans; og så smetta det nedi lomma att.

Han skulde gå til alters samma dagen, Fenrikken.

Da han var kømmi på kjørkegølvet, han skulde fram til alteret, tok han opp lommetørklæet og skulde pusse nåsån. Men da han bretta det ut, druste musungane bortover gølvet.

Men han var ikkje bare fin, Fenrikken. Han var djerv og.

Fenrikken hølt på med noko arbeid oppi lia ovanfor Setra. Med’ han var der, fekk’n sjå ein bjønn som gikk like oppmed der. Fenrikken hadde inga børse med sei. Han flaug ned til setra etter børse. Men så var det inga kule der. Han måtte støype ei. Så la han til skogs og traff bjønn. Han skaut, men råka han bare i trynet. Bjønn skreik så døm hørte’n over alle setrane.

Radt etter kom Fenrikken flygande det han var kar om ovantil, og bjønn var like etter’n. Gutten drog beint inn i seterbua. Der støypte han to kulur til. Han la til skogs, og der skaut han bjønnen.

Fenrikken kytte så tå han var så flink til å ri. Dei andre karane hadde moro tå det, og tenkte å gjøra han i beit ein gong. Døm meinte døm var ikkje redd for å kappri med’n, og ikkje trudde døm han var kar for å ri fram og attende til Tislebakke tre gongar uten at han gjorde i broka. Men da fekk han moro. Det skulde han ta sei på.

Døm skulde eta fyst. Karane hadde noko i maten hans så han fekk vondt i magan. Det tok til å bli uroleg før han drog. Det var ein gammal hest han fekk å ri på. Han var gvass etter ryggen. Fenrikken spratt oppå hesten og la avgarde. Han var flink til å ri, og han kom til Slette att like god etter fyste turen. Det gikk godt den andre turen og, men på heimattveigen den trea turen, gikk det gæli. Han tapa Fenrikken den gongen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *