Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Smittefåre

sogne-stubbar_-_smittefare_-_060
I Indre-Sogn hadde ein distriktslækjar for mange år sidan visse vanskar med hygienen.

Det var det same korleis han dreiv på å slå opp helseføresegner anten på krambua, posthuset eller andre stader, og det var mest det same kva han gjorde gjennom munnleg rettleiing.

Særleg var det ein eldre bonde, Lars, som var svært sta. Far hans Lars og før han, far hans, og så bort etter hadde drive garden på ein god måte meinte Lars, og han ville driva på same måten. Alt nytt var noko tøys og han var imot alt som smaka av direktiv frå noko offeneleg styremakt.

Eingong sette distriktslækjaren, som hadde vore så tålmodig som mogeleg, seg Tore at nå skulle det ryddast opp i all denne ureinskapen. Han ville likevel ennå eingong freista å få bonden til å forstå dette før han med vedtak frå Helserådet gjennomførte direktivet med makt.

Han sette seg i hestekarjolen sin og køyrde opp til Lars som han møtte ute på garden.

Etter ein del prat om ver og vind spurte distriktslækjaren om det kunne vera sundt å ha grisebingen heilt innpå bustadhuset. Han vona ved dette spørsmål å få bonden til å verta skamfull og kan henda reagera positivt.

Distriktslækjaren vart mållaus då Lars svara:

«Da veit eg ikkje, for hittil har ingen av grisene vorte sjuke.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *